Solrik sommar ga meir frukt og mindre grønsaker

Publisert:

Total produksjon av grønsaker på friland og i veksthus var på 192 000 tonn i 2018, som er 10 prosent mindre enn året før. På den andre sida auka fruktavlingane med 20 prosent. 

 

Tørkesommaren 2018 sette sitt preg også på grønsakavlingane, viser statistikken Hagebruksavlingar. Produksjonen av grønsaker på friland minka med 22 200 tonn frå 2017 til 149 900 tonn. Avlinga av sommarkål blei nær halvert samanlikna med året før, medan gulrotavlinga blei redusert med vel 30 prosent. For haust- og vinterkålen blei det ein reduksjon på knapt 20 prosent, og for isbergsalat ein nedgang på om lag 15 prosent.

Figur 1. Avling av grønsaker

Grønsaker
2014 189377
2015 185391
2016 199502
2017 212511
2018* 191999

Produksjonen av grønsaker i veksthus auka derimot med 4 prosent, til 42 200 tonn i 2018. Agurk og tomat utgjorde respektive 37 og 30 prosent av totalavlinga.

Gode fruktavlingar

Total produksjon av frukt er berekna til 18 500 tonn i 2018, som utgjer ein auke på 20 prosent frå året før. Eple utgjorde 81 prosent av den totale fruktproduksjonen, plomme 11 prosent og morellar 5 prosent.

Figur 2. Avling av frukt

Frukt
2014 15917
2015 12878
2016 15132
2017 15422
2018* 18502

Lågare bæravlingar

Totalavlinga av bær var 11 300 tonn i 2018. Det er 6 prosent mindre enn året før. Det var særleg produksjonen av bringebær som gjekk ned, frå 3 000 tonn i 2017 til 2 600 tonn i 2018. Produksjonen av jordbær var 8 000 tonn i 2018 mot 8 100 tonn året før.

Figur 3. Avling av bær

Bær
2014 11540
2015 15045
2016 12585
2017 11904
2018* 11334

Faktaside

Kontakt