Tørkesommar gav minste elvefangst på 30 år
Publisert:
Det blei fiska nesten 150 000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i fjor – den minste fangsten sidan 1988. Den tørre og varme sommaren må ta mykje av skulda for den dårlege fiskesesongen.
- Tala er henta frå
- Elvefiske
- Artikkelen er del av serien
- Elvefiske (arkiv)
Av den totale fangsten blei 78 prosent av fiskane avliva, medan 22 prosent blei sleppt levande ut igjen. Dette syner dei førebelse tala for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye 2017.
Sjølv om hovudbiletet er nedgang i fangsten – noko som til stor del skuldast ein uvanleg tørr og varm sommar – var det store variasjonar i dei ulike elvane. Dette heng saman med ulik regulering av fisketida og kor mykje laks som gjekk opp i elvane. Den varme sommaren gav høg temperatur i vatnet og låg vasstand i mange elvar.
Figur 1. Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye
Avliva fisk | Fisk sleppt ut att | |
2009 | 143675 | 10095 |
2010 | 167182 | 19917 |
2011 | 151682 | 21441 |
2012 | 166461 | 25650 |
2013 | 143454 | 25442 |
2014 | 130272 | 31629 |
2015 | 162508 | 34982 |
2016 | 143403 | 36943 |
2017 | 144638 | 37214 |
2018* | 114706 | 32089 |
Tana på topp
Den norske delen av Tanavassdraget var laksefiskevassdraget med flest landingar i 2018. Der drog fiskarane i land 10 000 laks, sjøaure og sjørøye, 33 prosent fleire enn året før.
Gjennomsnittsvekta på laksen fall frå 5,5 kg i 2017 til 3,5 kg i 2018. 98 prosent av fiskane i Tana vart avliva.
Etter Tana er det i Namsenvassdraget det blei fiska mest. Her blei det landa 7 500 laks, sjøaure og sjørøye, ein nedgang på 25 prosent frå året før. 87 prosent av fiskane vart avliva.
Mest fang og slepp i Gaula og Orkla
Gaula og Orkla er dei viktigaste vassdraga når det gjeld fang og slepp. I 2018 blei det fiska 5 500 laks, sjøaure og sjørøye i Gaulavassdraget. To tredelar av desse blei sleppte ut igjen, 17 prosent fleire enn året før.
I Orkla blei det landa 4 200 laks, sjøaure og sjørøye i 2018. Av desse blei 67 prosent sette ut igjen.
Figur 2. Elvar med størst fangst av laks, sjøaure og sjørøye 2018. Førebelse tal
Avliva fisk | Fisk sleppt ut att | |
Stjørdalsvassdraget | 1027 | 1663 |
Bjerkreimselva | 2645 | 237 |
Drammenselva | 3048 | 71 |
Mandalselva | 3281 | 658 |
Orkla | 1397 | 2850 |
Altavassdraget | 4848 | 450 |
Gaulavassdraget | 1810 | 3671 |
Målselvvassdraget | 5398 | 345 |
Namsenvassdraget | 6550 | 937 |
Tanavassdraget (norsk del) | 9855 | 166 |
I dei fleste av dei største vassdraga vart det fiska færre fisk i 2018 enn året før. Til dømes hadde Målselvvassdraget ein nedgang på 5 prosent, og Altavassdraget ein nedgang i fangsten på heile 42 prosent.
I Drammenselva og Mandalselva blei det ein god sesong. Det blei fiska 3 900 laks, sjøaure og sjørøye i Mandalselva, 15 prosent fleire enn året før. Tilsvarande for Drammenselva var det drage opp 3 100 fiskar, 74 prosent fleire enn i 2017.
Faktaside
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
-
Trond Amund Steinset
-
SSBs informasjonstjeneste