9481_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9481
Færre mjølkekyr og større bruk
statistikk
2002-02-13T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre mjølkekyr og større bruk

Talet på mjølkekyr minka med nesten 3 prosent i 2001 samanlikna med året før. Frå 1995 til 2001 har kvart sjette bruk med ku vorte lagt ned, mens buskapane vert stadig større.

Førebelse tal frå søknader om produksjonstilskott viser at per 31. juli 2001 viser at talet på mjølkekyr minka med 7 100 til 289 100 mjølkekyr i 2001. Dette er knapt 3 prosent færre enn same dato året før, og viser at nedgangen som starta for alvor i 1999 held fram, om enn i noko mindre grad det siste året. I perioden 1995-2001 har det vorte 27 700 færre mjølkekyr, og det tilsvarar ein nedgang på 9 prosent. Samstundes har talt på ammekyr auka, frå 21 000 i 1995 til 45 900 i 2001. Dette er meir enn ei dobling, men auken kompenserer ikkje fullt ut for nedgangen i mjølkekutalet.

Driftseiningar med korn- og oljevekstar til modning. 1995-2001*

Mjølkekyr, 1995-2001*

Større buskapar

Frå 1995 til 2001 har talet på driftseiningar med ku (mjølkeku og ammeku) minka med 4 500 til 23 900. Kvart sjette bruk med ku har vorte lagt ned i denne perioden. Gjennomsnittleg kutal per eining har auka frå 12 til 14, og talet på driftseiningar med færre enn 10 kyr har minka kraftig. I 1995 hadde om lag 40 prosent av einingane eit kutal mellom 1 og 10, mot 30 prosent i 2001.

Talet på mjølkegeiter er også i nedgang. Det vart registrert 47 600 mjølkegeiter i 2001, og det er 18 prosent færre enn i 1995. Det var 900 einingar som hadde mjølkegeit i 1995, mot 700 i 2001. Eit gjennomsnittleg geitebruk hadde 64 mjølkegeit i 1995. I 2001 hadde dette auka til 73.

Stabilt jordbruksareal

Det samla jordbruksarealet for dei som søkte om produksjonstilskott i 2001 var 10,31 millionar dekar. Kornarealet var på 3,21 millionar dekar, og utgjorde 31 prosent av jordbruksarealet.

Kornarealet gjekk ned med knappe 56 500 dekar frå 2000 til 2001, og det vart registrert nedgang i arealet av alle kornslaga med unnatak av bygg. Etter å ha lege på om lag 60 000 dekar i fleire år, auka arealet av oljevekstar kraftig frå 2000 til 2001. For første gong sidan 1995 kom oljevekstarealet opp i over 100 000 dekar.

Talet på driftseiningar med korn- og oljevekstar til modning har gått ned frå 22 300 einingar i 1995 til 19 400 i 2001. Talet på små kornbruk minkar, medan dei store bruka utgjer ein stadig større del av totalen.

Engarealet utgjorde 62 prosent av jordbruksarealet i 2001. Arealet av eng til slått og beite har auka med om lag 10 prosent frå 1995 til 2001, til 6,39 millionar dekar i 2001. Det har vore auke både i arealet av fulldyrka eng og i overflatedyrka eng og beite.

Tabeller: