Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mindre korn - meir eng
I perioden frå 2000 til 2002 er det registrert auke i arealet av eng til slått og beite, medan kornarealet viser minkande tendens. Samla jordbruksareal i drift endrar seg lite, og har lege på rundt 10,3 millionar dekar dei siste 3 åra.
Engarealet aukar, og utgjorde i 2002 6,45 millionar dekar eller 63 prosent av jordbruksarealet, medan kornarealet utgjorde 3,2 millionar dekar eller 31 prosent. Dette går fram av førebelse tal frå søknader om produksjonstilskott i jordbruket.
Av eng til slått og beite er det særleg overflatedyrka eng og innmarksbeite som har auka, frå 1,56 millionar dekar i 2000 til 1,61 millionar dekar i 2002. Arealet av fulldyrka eng auka i same tidsrom frå 4,81 millionar dekar til 4,84 millionar dekar.
Kornarealet ned 2 prosent på 2 år
Kornarealet på 3,2 millionar dekar i 2002 er 2 prosent mindre enn to år tidlegare. Arealet av oljevekstar, som kan dyrkast som eit alternativ til korn, auka i same periode frå 57 000 dekar til
108 900 dekar. Kornarealet fordelte seg med 55 prosent bygg, 24 prosent havre, 20 prosent kveite og 1 prosent rug og rugkveite. Talet på driftseiningar som dyrkar korn og oljevekstar var 18 400 i 2002, ein nedgang på 1 800 frå 2000.
Åkerarealet har minka med vel 100 000 dekar frå 2000 til 2002, og kjem i hovudsak av ein nedgang i arealet av rotvekstar til fôr, grønfôr og silovekstar. Potetarealet i 2002 var på vel 150 000 dekar, om lag det same som to år før.
Fleire ammekyr, færre mjølkekyr
Talet på kyr har gått ned frå 342 100 i 2000 til 328 500 i 2002. Det er talet på ammekyr som aukar, medan talet på mjølkekyr går ned. Det var 48 100 ammekyr i 2002, 3 700 fleire enn i 2000. Talet på mjølkekyr gjekk i same perioden ned med knapt 6 prosent til 280 400. I 2002 hadde 22 700 driftseiningar mjølkekyr eller ammekyr, 2 500 færre enn to år før. Det blir stadig færre små buskapar, medan talet på store buskapar aukar. Medrekna ammekyr var det i gjennomsnitt 14,5 kyr per buskap i 2002, mot 13,6 i 2000.
I 2002 var talet på avlssvin 89 900, om lag det same som i 2000. Talet på mjølkegeit gjekk ned med vel 4 000 til 46 100 i 2002.
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksareal, etter bruken. 1995-2002*
- Tabell 2 Jordbruksareal, etter fylke og bruken av arealet . 2002*
- Tabell 3 Husdyr. 1995-2002*
- Tabell 4 Husdyr, etter fylke. 2002*
- Tabell 5 Driftseiningar med korn og oljevekstar til modning, etter kornareal. 1995-2002*
- Tabell 6 Driftseiningar med ku, etter buskapsstorleik. 1995-2002*
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42