9477_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9477
Rekordstort areal av kveite
statistikk
2004-02-12T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2003, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordstort areal av kveite

Kveitearealet nådde opp i drygt 750 000 dekar, viser førebelse tal frå søknader om produksjonstilskott 31. juli 2003. Dette er det høgaste kveitearealet som er registrert, og 45 000 dekar meir enn førre toppår i 1993.

Areal av eng, areal av open åker og hage, 1995-2003*

Det samla kornarealet for 2003 låg på same nivå som året før, nemleg 3,2 millionar dekar. Høgare areal av kveite og havre fann sitt motstykke i lågare byggareal. Korndyrkinga fordelte seg med 49 prosent bygg, 26 prosent havre, 23 prosent kveite og vel 1 prosent rug og rugkveite. Akershus/Oslo, Østfold og Hedmark er dei største kornfylka, og hadde til saman 56 prosent av det totale kornarealet i landet. Dei 17 400 einingane som dyrka korn eller oljevekstar i 2003, hadde eit gjennomsnittleg areal av desse vekstane på 189 dekar.

Det samla jordbruksarealet på 10,2 millionar dekar er noko mindre enn det som blir berekna i samband med Landbruksundersøkinga 2003 . Dette har samanheng med at Landbruksundersøkinga også skal omfatte einingar som ikkje søkjer produksjonstilskott.

Frå 2002 til 2003 har arealet av eng minka med vel 51 000 dekar til 6,43 millionar dekar. Både arealet av fulldyrka eng og av samleposten innmarksbeite pluss overflatedyrka eng har gått noko ned, med respektive 46 500 og 4 800 dekar. 75 prosent av det totale engarealet var fulldyrka eng.

Potetarealet har gått ned med 7 600 dekar til 143 600 dekar i 2003. Arealet av oljevekstar gjekk i same perioden ned med knapt 32 prosent til 75 000 dekar.

Talet på mjølkekyr og ammekyr, 1999-2003*

Fleire ammekyr, færre mjølkekyr

Det blir framleis færre mjølkekyr, medan talet på ammekyr aukar. I 2003 var det 277 500 mjølkekyr og 51 200 ammekyr. Rogaland hadde flest kyr med 54 800 dyr, og av desse var 10 prosent ammekyr. Reknar ein med alle typar storfe (kyr, oksar, kviger og kalvar) ligg Rogaland på topp med om lag 165 000 dyr, eller 17 prosent av landstalet. Deretter kjem Oppland og Nord-Trøndelag med omkring 110 000 storfe kvar, tilsvarande om lag 12 prosent.

Talet på alssvin var 96 000 i 2003, ein auke på 4 600 frå året før. Dette er det høgaste talet på alssvin som er registert sidan 1999. Talet på mjølkegeiter går stadig nedover, og vart redusert med 1 000 dyr til 45 400 frå 2002 til 2003.

Tabeller: