9473_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9473
Auke i arealet av eng til slått og beite
statistikk
2006-02-14T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i arealet av eng til slått og beite

Frå 2004 til 2005 er det registrert auke i arealet av eng til slått og beite, medan kornarealet har gått noko ned. Samla jordbruksareal i drift endrar seg lite, og låg på 10,24 millionar dekar i 2005. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Jordbruksareal etter bruken. 1995-2005. Dekar

Arealet av eng til slått og beite auka frå 2004 til 2005 med 15 000 dekar til 6,49 millionar dekar, og auken kjem i første rekkje av at arealet av innmarksbeite stadig blir større. Arealet av korn gjekk ned med 31 000 dekar til 3,21 millionar dekar i 2005.

Talet på ammekyr heldt fram med å auke, medan det var svak nedgang i talet på andre husdyr.

Nokre jordbruksbedrifter søkjer ikkje produksjonstilskott i jordbruket og inngår dermed ikkje i denne statistikken. Dei fleste av desse bedriftene har liten produksjon. Statistisk sentralbyrå vil presentere førebelse tal for alle jordbruksbedrifter 22. februar 2006.

Tabeller: