9469_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9469
Rekordstort kveiteareal
statistikk
2007-11-26T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordstort kveiteareal

Kveitearealet auka med 56 000 dekar siste året og nådde opp i 908 000 dekar i 2007. Samstundes minka arealet av bygg med 114 600 dekar til 1,39 millionar dekar. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Jordbruksareal etter bruken. 1998-2007*. Dekar

Kornarealet fordelt på bygg, havre og kveite. 1998-2007*. Dekar

Samla kornareal gjekk ned med 57 000 dekar frå 2006 til 2007. Kornarealet fordelte seg med 45 prosent bygg, 29 prosent kveite, 23 prosent havre og 2 prosent rug og rugkveite. Kveitearealet auka med 7 prosent siste året til 908 000 og er det høgaste som er registrert nokon gong. Dei som dyrka korn- og oljevekstar hadde eit gjennomsnittleg areal av desse vekstane på 214 dekar.

Meir eng - mindre korn

Samla jordbruksareale i drift for dei som søkte om produksjonstilskott, endra seg lite frå 2006 til 2007 og ligg på 10,24 millionar dekar. Det fulldyrka jordbruksarealet viste ein svak nedgang og utgjorde 8,5 millionar dekar i 2007. Engarealet aukar og utgjorde 6,6 millionar dekar eller 65 prosent av jordbruksarealet, medan kornarealet minkar og utgjorde 3,1 millionar dekar. For ti år sidan utgjorde engarealet 61 prosent av jordbruksareal i drift.

Nedgang i talet på sau

Frå 2006 til 2007 gjekk talet på sau over eitt år ned med 34 000 til 886 200. Sidan 2001 har talet på sau gått ned med 97 200 eller knapt 10 prosent.

Talet på mjølkekyr blei redusert med 6 000 frå 2006 til 2007. På ti år har talet på mjølkekyr blitt redusert med knapt 20 prosent, frå 314 000 i 1998 til 253 000 i 2007. I den same perioden har talet på ammekyr auka med 28 500 til 60 000, ein auke tilsvarande 89 prosent.

Sidan 1998 har talet på mjølkegeiter blitt redusert med 12 400, eller 23 prosent, til 41 000 mjølkegeiter i 2007. Talet på alssvin var 97 900 i 2007, ein nedgang på 3 300 frå året før, som var eitt toppår.

Mjølkekyr og ammekyr, 1998-2007*

Økologisk drift

I 2007 var det 2 100 jordbruksbedrifter med økologisk drift, og desse dreiv eit areal på 384 200 dekar. Dette tilsvarar 3,8 prosent av jordbruksareal i drift.

På dei økologisk drivne einingane var det til saman 23 500 storfe i 2007. Av desse var 6 300 mjølkekyr og 3 400 ammekyr. Talet på mjølkegeiter i økologiske einingar var 800, og talet på alssvin var 500.

Tabeller: