9467_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9467
Kveite på 30 prosent av kornarealet
statistikk
2008-11-26T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kveite på 30 prosent av kornarealet

Kveitearealet auka med 23 000 dekar siste året og kom opp i 931 000 dekar i 2008. Samstundes held arealet av bygg fram med å minke og gjekk ned med 106 000 dekar til 1,28 millionar dekar. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Kornarealet fordelt på bygg, havre og kveite. 1998-2008*. Dekar

Samla kornareal gjekk ned med 27 000 dekar til 3,1 millionar dekar frå 2007 til 2008. Kornarealet fordelte seg med 42 prosent bygg, 30 prosent kveite og 25 prosent havre. Dei som dyrka korn og oljevekstar hadde eit gjennomsnittleg areal av desse vekstane på 217 dekar.

Meir eng - mindre korn

Samla jordbruksareal i drift for dei som søkte om produksjonstilskott, endra seg lite frå 2007 til 2008, og ligg på om lag 10,2 millionar dekar. Det fulldyrka jordbruksarealet gjekk noko ned, og utgjorde 8,4 millionar dekar i 2008. Arealet av eng utgjorde 6,6 millionar dekar eller 65 prosent av jordbruksarealet, medan kornarealet utgjorde 30 prosent eller 3,1 millionar dekar. For ti år sidan utgjorde engarealet 61 prosent av jordbruksareal i drift.

Talet på mjølkekyr blei redusert med 5 300 frå 2007 til 2008. På ti år har talet på mjølkekyr blitt redusert med knapt 20 prosent, frå 313 000 i 1999 til 248 000 i 2008. I same perioden har talet på ammekyr auka med 26 000 til 63 000, ein auke tilsvarande 71 prosent.

Alssvin over 6 månader. 1998-2008*

Talet på alssvin var 99 000 i 2008, ein auke på 1 000 dyr eller om lag 1 prosent frå 2007. Sidan 1999 har talet på mjølkegeit blitt redusert med 12 700, eller 25 prosent, til 39 000 mjølkegeiter i 2008.

Økologisk drift

I 2008 var det knapt 2 200 jordbruksbedrifter med økologisk drift som dreiv eit areal på 387 000 dekar. Dette tilsvarar 3,8 prosent av jordbruksareal i drift.

På dei økologisk drivne einingane var det til saman 26 100 storfe i 2008. Av desse var 7 300 mjølkekyr og 3 500 ammekyr. Talet på mjølkegeiter på økologiske einingar var 400, medan talet på alssvin var 200.

Tabeller: