9465_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9465
Små endringar i jordbruksarealet
statistikk
2009-11-17T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i jordbruksarealet

Det samla jordbruksarealet i drift endra seg lite frå 2008 til 2009 og låg på om lag 10,1 millionar dekar. Dette går fram av førebelse tal som byggjer på søknadene frå bøndene om produksjonstilskott.

Arealet av eng utgjorde 65 prosent av jordbruksarealet, medan kornarealet utgjorde 30 prosent. Frå 2008 til 2009 gjekk det fulldyrka jordbruksarealet ned med knapt 1 prosent til 8,4 millionar dekar.

Kornarealet fordelt på bygg, havre og kveite. 2000-2009*. Dekar

Samla kornareal gjekk ned med 15 400 dekar frå 2008 til 2009. Etter å ha auka jamt i fleire år gjekk kveitearealet ned med 113 000 dekar. Samstundes auka arealet av bygg med 69 100 dekar, medan havrearealet voks med 39 000 dekar. Kornarealet fordelte seg med 44 prosent bygg, 27 prosent kveite og 26 prosent havre. Dei som dyrka korn og oljevekstar, hadde eit gjennomsnittleg areal med desse vekstane på 224 dekar.

Færre mjølkekyr

Talet på mjølkekyr blei frå 2008 til 2009 redusert med 8 700 til 239 600. Sidan 1999 har talet på mjølkekyr falle med 73 200, medan talet på ammekyr har stige med 29 700 til 66 300. Talet på andre storfe er samstundes gått ned med 111 700 til 571 000 i 2009.

Talet på alssvin. 2000-2009*

Talet på alssvin var 100 600 i 2009, ein auke på 1 700 dyr, eller knapt 2 prosent frå 2008. Sidan 1999 har talet på mjølkegeiter blitt redusert med 14 100, eller 27 prosent, til 37 700 dyr i 2009.

Økologisk mjølk frå over 8 000 kyr

I 2009 var det knapt 2 300 jordbruksbedrifter med økologisk drift. Dei dreiv eit areal på 415 500 dekar. Dette tilsvarar 4,1 prosent av jordbruksarealet. Arealet med korn som blei drive økologisk, var 69 000 dekar, og dette utgjorde 2,3 prosent av kornarealet.

På dei økologisk drivne einingane var det til saman 28 600 storfe i 2009. Av desse var 8 100 mjølkekyr og 3 800 ammekyr. Talet på mjølkegeiter på økologiske einingar var 800, medan det var til saman 300 alssvin.

Tabeller: