9485_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9485
Mindre fulldyrka jordbruksareal
statistikk
2010-11-22T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre fulldyrka jordbruksareal

Det fulldyrka jordbruksarealet gjekk ned med knapt 1 prosent1 frå 2009, og var på 8,3 millionar dekar ved utgangen av juli 2010. Totalt jordbruksareal i drift endra seg lite, og låg på om lag 10,1 millionar dekar.

Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Jordbruksareal i drift er redusert med 198 000 dekar i perioden 2006-2010, medan den delen som er fulldyrka er redusert med 256 000 dekar. Nedgangen i jordbruksarealet kjem blant anna av at marginale areal blir tekne ut av drift og etter kvart gror igjen.

Kornarealet fordelt på bygg, havre og kveite. 2000-2010*. Dekar

Nye kart gav reduksjon i jordbruksareala

Ein annan viktig årsak til nedgangen har delvis samanheng med at det blei starta eit arbeid med å forbetre kontrollgrunnlaget for arealtilskot i jordbruket i 2003. Det blei laga digitale kart på grunnlag av nye flyfoto av jordbruksareala. Dette gav ein reduksjon i jordbruksareala i høve til dei gamle karta. Dei nye karta blei tekne i bruk etter kvart som dei var ferdigstilte ved kontroll av søknadene frå 2006, og det er teke sikte på at alle kommunar tek det i bruk frå 2013. 182 kommunar hadde teke det nye kartgrunnlaget i bruk i 2009.

Nedgang i kornarealet

Samla kornareal gjekk ned med 38 000 dekar frå 2009 til 2010. Arealet gjekk ned for alle kornslaga med unnatak av bygg. Byggarealet auka med 108 000 dekar til 1,46 millionar dekar i 2010, medan kveitearealet minka med 96 000 dekar til 719 600 dekar. Kornarealet fordelte seg med 49 prosent bygg, 24 prosent kveite og 25 prosent havre. Dei som dyrka korn hadde eit gjennomsnittleg kornareal på 225 dekar i 2010.

Talet på alssvin, 2000-2010*

Færre mjølkekyr

Talet på mjølkekyr blei redusert med 1 900 til 238 000 frå 2009 til 2010. Sidan 1999 har talet på mjølkekyr gått ned med nesten 25 prosent, medan talet på ammekyr er nær dobla. Talet på andre storfe er redusert med vel 17 prosent i same perioden.

Talet på alssvin var knapt 97 000 i 2010, ein nedgang på vel 3 prosent frå året før. Talet på mjølkegeiter gjekk ned med knapt 3 prosent til 37 000.

Økologisk drift

Det var knapt 2 300 jordbruksbedrifter med økologisk drift i 2010, og desse dreiv eit areal på 440 000 dekar. Dette tilsvarar 4,4 prosent av jordbruksarealet. Areal av korn som blei drive økologisk var 72 000 dekar, tilsvarande 2,4 prosent av kornarealet.

På dei økologisk drivne einingane var det til saman 30 800 storfe i 2010. Av desse var 8 800 mjølkekyr og 4 000 ammekyr. Talet på mjølkegeiter på økologiske einingar var 500, medan talet på alssvin var 300.

1  Tallet er rettet 22. november 2010 kl 12.35.

Tabeller: