Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i jordbruksarealet
Førebelse tal frå søknader om produksjonstilskott viser at det blei søkt om tilskott for under 10 millionar dekar jordbruksareal i drift i 2011, ein nedgang på 43 000 dekar frå året før. Det er arealet av open åker som minkar, medan engarealet aukar.
Frå 2010 til 2011 blei arealet av open åker redusert med 56 000 dekar til 3,46 millionar dekar, medan engarealet auka med 13 000 til 6,52 millionar dekar. Det var arealet av overflatedyrka eng og innmarksbeite som auka, medan det var ein svak nedgang i arealet av fulldyrka eng.
Sidan 2002 er jordbruksareal i drift redusert med knapt 340 000 dekar, medan den delen som er fulldyrka er redusert med om lag 500 000 dekar. Nedgangen i jordbruksarealet har delvis samanheng med at det i 2003 blei starta eit arbeid med å forbetre kontrollgrunnlaget for arealtilskot i jordbruket. Det blei laga digitale kart på grunnlag av nye flyfoto av jordbruksareala, noko som gav ein reduksjon i jordbruksareala i høve til gamle kart. Dei nye karta er gradvis blitt tekne i bruk frå 2006, og ein tek sikte på at alle kommunar nyttar digitale kart frå 2013. Ei anna viktig årsak til nedgangen i jordbruksarealet er at marginale areal blir tekne ut av drift og etter kvart gror igjen.
Nedgang i kornarealet
Samla kornareal gjekk ned med 24 000 dekar frå 2010 til 2011, og utgjorde 2,98 millionar i 2011. Kornarealet fordelte seg med 50 prosent bygg, 25 prosent kveite og 24 prosent havre. Dei som dyrka korn hadde eit gjennomsnittleg kornareal på 231 dekar i 2011.
Det var nedgang i arealet av havre og rug frå 2010 til 2011, medan arealet av bygg og kveite auka. Kveitearealet auka med knapt 19 000 dekar til 738 000 dekar, medan byggarealet auka med 17 000 dekar til 1,48 millionar dekar. Arealet av havre minka med 45 000 dekar til 714 000 dekar.
Færre mjølkekyr
Talet på mjølkekyr blei redusert med knapt 5 000 frå 2010 til 2011, medan talet på ammekyr auka med 1 800. 19 prosent av dei 10 500 jordbruksbedriftene med mjølkekyr hadde minst 30 mjølkekyr. Til samanlikning hadde 4 prosent av 18 500 bedrifter med mjølkekyr minst 30 kyr i 2002. I 2011 utgjorde ammekyr 23 prosent av det totale kutalet, medan tilsvarande tal for 2002 var 15 prosent.
Økologisk drift
I 2011 var det 2 300 jordbruksbedrifter med økologisk drift, og desse dreiv eit areal på 470 000 dekar. Dette svarer til 4,7 prosent av totalt jordbruksareal i drift. Areal av korn som blei drive økologisk var 78 000 dekar, tilsvarande 2,6 prosent av kornarealet.
På dei økologisk drivne einingane var det til saman 31 800 storfe i 2011. Av desse var 9 000 mjølkekyr og 4 200 ammekyr.
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksareal, etter bruken.1998-2011*. Dekar
- Tabell 2 Husdyr, 1998-2011*
- Tabell 3 Jordbruksareal, etter fylke og bruken av arealet
- Tabell 4 Storfe, etter fylke . 2011*
- Tabell 5 Jordbruksbedrifter med økologisk drift og økologisk godkjent drive jordbruksareal . 2002-2011*
- Tabell 6 Husdyrhald på økologisk drive jordbruksbedrifter. 2002-2011*
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42