Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Gode engavlingar i 2004
Avlingane av eng og andre dyrka fôrvekstar blei jamt over gode i 2004. Ein tidleg vår og lang vekstsesong gav eit godt avlingsresultat i store delar av landet.
Samla avling av eng til slått var om lag 2,8 millionar tonn rekna som tørt høy. Gjennomsnittleg avling er rekna til 540 kilo per dekar mot 518 i 2003. Det blei hausta 360 200 tonn grønfôr- og silovekstar, og om lag to tredjepartar av dette var raigras. Potetavlinga utgjorde 395 300 tonn i 2004.
For opplysningar om avling av korn- og oljevekstar, sjå Korn og oljevekster, areal og avlinger (http://www.ssb.no/korn/) .
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76