33329_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/arkiv
33329
Låge grovfôravlingar i 2005
statistikk
2006-05-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge grovfôravlingar i 2005

Avlingane av eng og andre dyrka fôrvekstar var jamt over lågare i 2005 enn året før. Dette kjem i hovudsak av mykkje regn og kjølig vêr utover våren og på forsommaren.

Avling av eng til slått. 2000-2005*

Samla avling av eng til slått var om lag 2,66 millionar tonn rekna som tørt høy, ein nedgang på 5 prosent frå året før. Gjennomsnittleg avling er rekna til 607 kilo per dekar mot 626 i 2004. Det blei hausta 280 400 tonn grønfôr- og silovekstar, og som tidlegare år var om lag to tredjepartar av dette raigras. Gjennomsnittleg avling av poteter blei rekna til 2 300 kg per dekar, og det gav ei totalavling på 317 000 tonn.

Tabeller: