Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Snaut 230 000 mjølkekyr
I alt 9 400 mjølkeprodusentar søkte om produksjonstilskott for 229 500 mjølkekyr per 1. januar 2014. Tilsvarande tal for 2013 var 9 800 produsentar og 238 800 mjølkekyr.
2014 | Prosent endring fra | ||
---|---|---|---|
2013 - 2014 | 2005 - 2014 | ||
Mjølkeku | 229 487 | -3,9 | -15,5 |
Ammeku | 68 638 | 1,6 | 37,0 |
Vinterfôra sau | 1 031 890 | -0,6 | -4,7 |
Mjølkegeit | 30 211 | -8,0 | -34,4 |
Alssvin | 96 818 | -0,9 | -1,8 |
Verpehøner | 4 265 466 | 3,4 | 22,7 |
Slaktekylling | 70 586 521 | 12,4 | 77,5 |
Drygt 29 000 husdyrbrukarar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2014. Dette er 600 færre enn året før og utgjer ein nedgang på 2,1 prosent.
Størst prosentvis nedgang var det i talet på jordbruksbedrifter med mjølkegeit, mjølkekyr og svin. Talet på bedrifter med mjølkegeit gjekk ned med 7 prosent til knapt 300, medan talet på bedrifter med mjølkeku blei redusert med 5 prosent til 9 400. Det var 2 400 bedrifter med svin i 2014, som er ein nedgang på 4 prosent frå året før.
Det samla talet på storfe gjekk òg ned frå 2013 til 2014, og det var talet på mjølkekyr og andre storfe enn ammekyr som minka. Talet på ammekyr auka derimot med 1 100 til nærare 69 000, medan talet på andre storfe gjekk ned med over 11 000, til vel 534 000.
Talet på mjølkegeit gjekk ned med 7 prosent, til drygt 30 000. Samstundes gjekk talet på alssvin og slaktesvin ned med 1 prosent frå året før, til respektive 97 000 og 1,56 millionar.
Fjørfe aukar
Frå 2013 til 2014 auka talet på bedrifter med slaktekylling med om lag 7 prosent til knapt 700, medan talet på bedrifter med verpehøner låg på det same nivået som året før, om lag 2 000. I same perioden auka talet på verpehøner med 3 prosent til 4,3 millionar, medan talet på slaktekylling auka med 12 prosent, til 70,6 millionar.
Større einingar
Samstundes med at talet på buskapar går ned, aukar den gjennomsnittlege buskapsstorleiken. Dette blir særleg tydeleg om ein ser på utviklinga gjennom ein tiårsperiode. Eit bruk med mjølkekyr hadde i gjennomsnitt 25 mjølkekyr i 2014, medan gjennomsnittet var 17 i 2005. Dei som driv med sau, hadde i middel 73 vinterfôra sauer i fjøset i 2014, mot 64 ti år før. Blant svine- og eggprodusentane har utviklinga i retning større buskapar vore enda meir markert. Eit gjennomsnittleg bruk med alspurker hadde 80 alssvin i 2014, mot 44 i 2005. Gjennomsnittleg tal verpehøner per bruk auka frå 1 400 til 2 200 i same perioden.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03