Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire verpehøner
I alt 2 000 eggprodusentar søkte om produksjonstilskott for 4,4 millionar verpehøner per 1. januar 2015. Dette er 4 prosent fleire produsentar enn året før og 3,6 prosent fleire verpehøner.
2015 | Prosent endring fra | ||
---|---|---|---|
2014 - 2015 | 2006 - 2015 | ||
Mjølkeku | 228 399 | -0,6 | -13,9 |
Ammeku | 71 363 | 3,8 | 29,8 |
Sau | 1 056 525 | 2,4 | -0,2 |
Mjølkegeit | 31 724 | 6,6 | -27,9 |
Alssvin | 93 709 | -3,5 | -7,6 |
Verpehøner | 4 418 368 | 3,6 | 32,3 |
Slaktekylling | 73 561 005 | 4,2 | 75,9 |
28 500 husdyrbrukarar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2015. Dette er 600 færre enn året før og svarar til ein nedgang på 2 prosent.
Størst prosentvis nedgang var det i talet på jordbruksbedrifter med mjølkekyr og svin. Talet på bedrifter med mjølkekyr gjekk ned med 5 prosent til 8 900, medan talet på bedrifter med svin blei redusert med 4 prosent til 2 300.
Færre storfe og svin
Det samla talet på storfe gjekk ned frå 2014 til 2015, og det var talet på mjølkekyr og andre storfe enn ammekyr som minka. Talet på mjølkekyr gjekk ned med 1 300 til 228 400, medan talet på andre storfe gjekk ned med 1 800 til 532 900. Talet på ammekyr auka med 2 600 til 71 400.
Talet på alssvin gjekk ned med 3,5 prosent, og slaktesvin minka med 1 prosent frå året før, til respektive 93 700 og 1 549 500.
Sau og fjørfe aukar
Frå 2014 til 2015 auka talet på bedrifter med slaktekylling med knapt 3 prosent til om lag 700, medan talet på bedrifter med verpehøner auka med 4 posent til 2 000. I same perioden auka talet på verpehøner med 3,6 prosent til 4,4 millionar, medan talet på slaktekylling auka med 4,2 prosent til 73,6 millionar. Det var om lag 12 200 jordbruksbedrifter med sau både i 2014 og 2015, medan talet på sau auka med 2,4 prosent til 1 057 000 i 2015.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03