Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre produsentar, men fleire storfe
I alt 14 100 storfeprodusentar søkte om produksjonstilskott for 848 000 storfe per 1. januar 2016. Dette er i underkant av 2 prosent færre produsentar enn året før, men 1,5 prosent fleire storfe.
2016 | Prosent endring fra | ||
---|---|---|---|
2015 - 2016 | 2007 - 2016 | ||
Mjølkeku | 227 371 | -0,5 | -12,0 |
Ammeku | 75 633 | 5,1 | 34,3 |
Sau | 1 095 669 | 3,5 | 7,0 |
Mjølkegeit | 33 595 | 7,0 | -16,9 |
Alssvin | 92 571 | -1,3 | -5,6 |
Verpehøner | 4 380 605 | -0,7 | 30,7 |
Slaktekylling | 63 310 792 | -14,3 | 36,3 |
28 400 husdyrprodusentar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2016, og det er 200 færre enn året før. Størst prosentvis nedgang var det i talet på bedrifter med slaktekylling og mjølkekyr. Talet på bedrifter med slaktekylling blei redusert med 4 prosent til 650, medan talet på bedrifter med mjølkekyr gjekk ned med knapt 3 prosent til 8 600.
Det samla talet på storfe auka frå 2015 til 2016, og det var talet på ammekyr og andre storfe enn mjølkekyr som auka. Talet på ammekyr auka med 3 700 til 75 600, medan talet på andre storfe auka med 9 900 til 544 700. I same perioden gjekk talet på mjølkekyr ned med 1 100 til 227 400.
Talet på sau auka med 3,5 prosent til 1 095 700 i 2016. Det var om lag 12 500 bedrifter med sau i 2015, ein auke på 1,4 prosent frå året før.
Frå 2015 til 2016 gjekk talet på alssvin ned med 1,3 prosent til 92 600, medan talet på slaktesvin auka med knapt 1 prosent til 1 565 800.
Talet på bedrifter med slaktekylling gjekk ned med 1,8 prosent til 650, medan talet på bedrifter med verpehøner auka med knapt 2 posent til 2 100. I same perioden gjekk talet på verpehøner ned med 0,7 prosent til 4,38 millionar, medan talet på slaktekylling gjekk ned med 14,3 prosent til 63,3 millionar.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03