Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre driv husdyrhald
Sjølv om nedgangen frå 1999 til 2000 var mindre dramatisk enn førebelse tal 29. mai tyda på, viser også oppretta tal at stadig færre driv husdyrhald. I 2000 var det i alt 46 800 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstilskott. Dette er 2 200 færre enn året før og 11 000 færre enn for ti år sidan.
Frå 1999 til 2000 har talet på driftseiningar med mjølkeku gått ned med 9 prosent, frå 22 400 til 20 400. Samstundes har talet på mjølkekyr blitt redusert med 6 prosent, til 298 700 dyr per 31. desember 2000. I tiårsperioden 1990-2000 har kvart fjerde bruk med mjølkeku blitt avvikla.
I same perioden har bruk med ammeku vorte tredobla, frå 1 800 til 5 600 einingar. Talet på ammekyr har vorte nærare femdobla frå 1990 til 2000, til 40 200 dyr i 2000.
Talet på mjølkegeiter har sidan 1990 blitt redusert med 23 prosent til 50 700, medan talet på buskapar med mjølkegeit har minka med 40 prosent til 675 i same perioden.
Ingen nedgang i sauetalet
Det blir også færre sauebruk. På ti år er kvart sjette bruk med sau blitt borte, og det var i 2000 att knapt 21 300 bruk med sau. På desse driftseiningane var det 1,11 millionar vinterfôra sau. Dei siste ti åra har sauetalet svinga mellom 1,03 og 1,14 millionar.
I perioden 1990-2000 har kvart tredje bruk med svinehald blitt avvikla, og berre det siste året har talet på driftseiningar med svin gått ned frå 5 800 til 4 900. Frå 1999 til 2000 var det også ein markert nedgang i talet på både alssvin og slaktesvin.
Større buskapar
Eit gjennomsnittleg mjølkeproduksjonsbruk hadde 14,7 mjølkekyr på båsen i 2000. Tilsvarande tal for 1990 var 12,2. I 2000 hadde om lag 45 prosent av bruka 15 mjølkekyr eller meir, medan det tre år tidlegare berre var 35 prosent som hadde så store buskapar.
Eit gjennomsnittleg geitebruk hadde 75 mjølkegeiter i 2000, mot 59 ti år tidlegare. Vidare var det 53 sauer per bruk med vinterfôra sau i 2000, medan tilsvarande tal for 1990 var 40. Eit bruk med alssvin hadde i gjennomsnitt 12 alssvin i 1990, medan gjennomsnittet i 2000 var 32 .
Talet på slaktekyllingar aukar
Det vart slakta 33 millionar kyllingar i 2000. Dette er 5,6 millionar fleire enn året før og 18 millionar fleire enn i 1990. Det var 532 driftseiningar med slaktekylling i 2000.
Tabeller:
- Tabell 1 Driftseiningar i alt med husdyr og driftseiningar med ymse husdyrslag per 31. desember 2000*, etter fylke
- Tabell 2 Talet på storfe og sau per 31. desember, etter fylke
- Tabell 3 Husdyr per 31. desember, etter fylke
- Tabell 4 Driftseiningar med ymse husdyrslag per 31. desember, etter buskapsstorleik
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03