Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre bruk - større buskapar
Det var i underkant av 40 000 husdyrbrukarar som søkte om produksjonstillegg ved årsskiftet 2003/2004. Dette var 2 100 færre enn året før, og 15 700 færre enn for ti år sidan. Samstundes med nedgangen i talet på buskapar, auka den gjennomsnittlege buskapsstorleiken.
Nedgangen i talet på husdyrbrukarar frå 2003 til 2004 gjeld alle dei ulike dyreslaga. Størst prosentvis nedgang har det vore i talet på bruk med verpehøner, 7,5 prosent, medan både talet på bruk med mjølkeku og bruk med sau har gått ned med mellom 5 og 6 prosent. Minst nedgang har det vore i talet på bruk med svin og bruk med slaktekylling, der reduksjonen har vore om lag 4 prosent.
Frå 2003 til 2004 gjekk talet på mjølkekyr ned med 4 200 til 278 600, medan talet på ammekyr auka med om lag 500 til 47 800. Talet på vinterfôra sau var 1,1 millionar i 2004, om lag det same som året før.
Større buskapar
Samstundes med nedgangen i talet på buskapar, auka den gjennomsnittlege buskapsstorleiken. Eit bruk med mjølkeku hadde i gjennomsnitt 17 mjølkekyr i 2004, medan gjennomsnittet i 1999 var 14. Dei som dreiv med sau hadde i middel 62 vinterfôra sauer i fjøset i 2004, mot 42 fire år tidlegare. Blant svineprodusentane har utviklinga vore enda meir markert. Dei som hadde alspurker, hadde i gjennomsnitt 42 alspurker i 2004, medan tilsvarande tal for 1999 var 26. Om lag halvparten av besetningane hadde 30 alspurker eller meir i 2004, medan berre ein tredjedel av besetningane hadde eit så høgt dyretal i 1999.
Talet på slaktekyllingar aukar
Det blei slakta 36,8 millionar kyllingar i 2003. Dette er 1,2 millionar fleire enn året før, og vel 9 millionar fleire enn for fire år sidan. Det var i overkant av 500 driftseiningar med slaktekylling i 2003.
Tabeller:
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03