17972_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17972
Nedgang i talet på husdyr
statistikk
2007-04-13T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i talet på husdyr

Frå 2006 til 2007 er det registrert nedgang i talet på dei fleste typar husdyr. Det viktigaste unnataket er slaktekylling.

Jordbruksbedrifter med husdyr. 1992-2007*

Påsett av slaktekylling

Talet på jordbruksbedrifter med husdyr gjekk ned med 5 prosent frå 2006 til 2007, og ved årsskiftet var det til saman 34 800 jordbruksbedrifter med husdyr. Dette går fram av førebelse tal frå bøndenes søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

Talet på mjølkekyr går stadig nedover, og ved årsskiftet blei det registrert 259 000 mjølkekyr, 6 400 færre enn året før. Talet på ammekyr var 55 200, om lag det same som eitt år tidlegare. I tiårsperioden 1996-2007 har talet på storfe i alt gått ned med 127 000 til 900 200, og reduksjonen i talet på mjølkekyr utgjer vel halvparten av dette. I same perioden har talet på bedrifter med mjølkeku gått ned med 44 prosent til 14 100.

I 2007 var talet på mjølkegeiter 40 700, ein nedgang på knapt 8 prosent frå året før. Dei siste ti åra har talet på mjølkegeiter blitt redusert med 30 prosent, og talet på bedrifter med mjølkegeit har gått ned med 44 prosent frå 875 til 490.

Talet på alssvin gjekk ned med 3 900 i 2006 til 97 800 i 2007, medan det var ein svak auke i talet på slaktesvin.

Det blei slakta 8 prosent fleire kyllingar i 2006 enn i 2005. Frå 1996 til 2006 har produksjonen av slaktekylling blitt dobla, frå ein produksjon på 23,3 millionar i 1996 til 46,5 millionar i 2006.

tlf. 62 88 52 17.

Tabeller: