17970_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/arkiv
17970
Færre husdyrbrukarar
statistikk
2008-04-15T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre husdyrbrukarar

Talet på jordbruksbedrifter med husdyr gjekk ned med vel 3 prosent frå 2007 til 2008. Nedgangen gjeld husdyrbrukarar med alle dei ulike dyreslaga med unnatak av slaktekylling. Talet på mjølkekyr auka for første gong på mange år.

Talet på slaktekylling. 1997-2007*

Jordbruksbedrifter med husdyr. 1992-2008*

Frå 2007 til 2008 blei det 1 200 færre husdyrbrukarar, og ved årsskiftet var det til saman 33 700 jordbruksbedrifter med husdyr. Dette går fram av førebelse tal i søknadene frå bøndene om produksjonstilskott i jordbruket. I perioden 2000-2008 har gjennomsnittleg nedgang i talet på husdyrbrukarar vore 4 prosent per år, medan gjennomsnittleg nedgang i perioden 1990-2000 var 2 prosent.

Auke i talet på mjølkekyr

For første gong på mange år auka talet på mjølkekyr. Ved siste årsskifte blei det registrert 261 800 mjølkekyr, og det er 3 100 fleire enn året før. I perioden 1992-2007 var det ein gjennomsnittleg årleg nedgang på om lag 2 prosent i talet på mjølkekyr, medan auken frå 2007 til 2008 tilsvarar ein auke på om lag 1 prosent. I perioden 1992-2007 blei talet på ammekyr nesten femdobla, frå 11 600 til 56 400. Siste året snudde det, og talet på ammekyr gjekk ned med 2 100 til 54 300.

Talet på vinterfôra sau viste små endringar frå 2007 til 2008, og per 1. januar blei det registrert 1,03 millionar sau. Talet på mjølkegeiter var 38 700, ein nedgang på om lag 4 prosent frå året før. Sidan 1992 har talet på mjølkegeiter blitt redusert med 38 prosent, og talet på bedrifter med mjølkegeit har gått ned med 57 prosent.

Talet på alssvin gjekk ned med 1 100 til 97 000 i 2008, medan talet på svin slakta i 2007 minka med om lag 30 000 til 1,44 millionar.

Det blei slakta 9 prosent fleire kyllingar i 2007 enn i 2006. Frå 1997 til 2007 har produksjonen av slaktekylling blitt meir enn dobla, frå ein produksjon på 23,3 millionar i 1997 til 50,6 millionar i 2007.

Tabeller: