Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i talet på svin
Frå 2009 til 2010 auka talet på alssvin med 2 prosent til drygt 102 000, medan talet på slaktesvin auka med knapt 1 prosent til 1,49 millionar. Førebelse tal viser også ein auke i talet på sauer, ammekyr og verpehøner. Samstundes vert jordbruksbedriftene med husdyr færre.
Talet på sauer auka med vel 2 prosent til 1,05 millionar, og talet på ammekyr med drygt 6 prosent til vel 61 000. Det var knapt 169 000 fleire verpehøner i 2010 enn året før, tilsvarande ein auke på 4 prosent.
Færre mjølkekyr og slaktekyllingar
Talet på mjølkekyr går stadig nedover, og ved årsskiftet blei det registrert snautt 245 000 mjølkekyr, om lag 5 000 færre enn året før. Talet på andre storfe blei redusert med over 9 000 til knapt 560 000. Talet på mjølkegeiter gjekk noko ned i fjor, og 1. januar 2010 blei det registrert 37 100 mjølkegeiter.
For første gong sidan 2002 er det registrert ein nedgang i talet på slaktekyllingar. Det blei slakta 56 millionar kyllingar i 2009, ein nedgang på 5,5 prosent, eller 3,3 millionar, frå året før.
Færre driv med husdyr
Talet på jordbruksbedrifter med husdyr gjekk ned med 2 prosent i fjoråret, og ved årsskiftet var det 31 900 jordbruksbedrifter med husdyr. Størst prosentvis nedgang var det i talet på bruk med mjølkekyr, 6 prosent, medan talet på bruk med svin og mjølkegeiter gjekk ned med 4 prosent. Det var også ein svak nedgang i talet på bruk med sauer og bruk med slaktekyllingar.
Større buskapar
Den gjennomsnittlege buskapsstorleiken aukar for alle dyreslaga. I 1999 hadde eit gjennomsnittleg mjølkebruk 14 dyr, mot 21 i 2010. Dei som dreiv med sau, hadde 51 sauer på båsen i 1999, mot 72 i 2010. I 1999 hadde eit gjennomsnittleg bruk med alspurker 26 purker, medan tilsvarande tal for 2010 er 65. I 2010 har eit gjennomsnittleg bruk med verpehøner 2000 høner, mot 900 i 1999. For dei som driv med mjølkegeiter, auka den gjennomsnittlege buskapsstorleiken frå 73 i 1999 til 90 i 2010.
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksbedrifter med husdyr og jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag per 1. januar, etter fylke
- Tabell 2 Talet på storfe og sau per 1. januar, etter fylke
- Tabell 3 Talet på ymse husdyr per 1. januar, etter fylke
- Tabell 4 Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag, etter buskapsstorleik. 1. januar
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03