Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Tek jordbruket miljøansvar?
På fleire område har norsk jordbruk blitt meir miljøvennleg dei siste 10 åra. Til dømes har bruken av handelsgjødsel og plantevernmiddel gått ned, omfanget av haustpløgsel er redusert over tid og stadig meir landbruksplast blir samla inn og gjenvunne.
Jordbruket har gjennom tidene forma landskapet rundt oss, og påverknadene på miljøet er av både positiv og negativ karakter. Tidlegare tiders ekstensive jordbruk har ført til eit ope kulturlandskap med eit mangfald av dyre- og planteartar. Dagens intensive jordbruk har derimot kome mest i fokus i samband med erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdrag, funn av plantevernmiddel i drikkevasskjelder og utarming av det biologiske mangfaldet. I det følgjande blir det oppsummert ein del resultat frå rapporten Resultatkontroll jordbruk 2000 - Jordbruk og miljø, med vekt på gjennomføring av tiltak mot forureining.
Det er mange indikasjonar på at jordbruket tek meir miljøansvar i dag enn før: Bruken av fosfor og nitrogen i handelsgjødsel har blitt redusert dei siste 10 åra, noko som er viktig for å redusere avrenninga av næringsstoff til vassdraga. Val av jordarbeidingsmetode vil òg ha mykje å seie for kor mykje næringsstoff som går tapt, og utvalsteljingane for landbruket viser at arealet med haustpløgsel har blitt redusert med 35 prosent frå hausten 1990 til hausten 1997. 1 707 gardsbruk har lagt om til økologisk drift, og desse bruka utgjer til saman 1,8 prosent av totalt jordbruksareal i Noreg. Jord- og skogbruk stod i 1998 for 10,1 prosent av totale utslepp av klimagassar, målt i CO2-ekvivalentar.
Jordarbeiding og erosjon
Val av jordarbeidingsmetode har stor innverknad på tapet av næringsstoff frå jordbruksareal, og gjennom jordbruksavtala får korndyrkarar tilskot for å redusere jordarbeidinga på erosjonsutsett areal. Omfanget av haustpløgsel har blitt kraftig redusert dei siste ti åra, frå 3 millionar dekar hausten 1990 til 1,9 millionar dekar hausten 1997. Mykje av denne nedgangen kom på byrjinga av 90-talet, og dei siste åra har arealet med haustpløgsel vore forholdsvis stabilt.
Redusert forbruk av nitrogen i handelsgjødsel
Kor mykje fosfor og nitrogen ein gjødslar med har mykje å seie for kor mykje næringsstoff som går tapt til vassdraga. Frå 1997/98 til 1998/99 gjekk omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel ned frå 112 327 tonn til 106 017 tonn, ein reduksjon på heile 5,6 prosent. Omsetnaden av fosfor vart redusert med 51,5 prosent i perioden 1980/81 til 1998/99, frå 26 980 tonn til 13 092 tonn per år. Nedgongen siste år var på 2,4 prosent. Innføringa av obligatorisk gjødslingsplan frå og med 1998 er ei sannsynleg forklaring på nedgangen dei siste par åra. Mengda husdyrgjødsel har endra seg lite i perioden frå 1985 til 1997, men ein kan så vidt ane ein svak auke.
Mindre bruk av plantevernmiddel
Tal frå Statens Landbrukstilsyn viser at omsetnaden av plantevernmiddel, rekna som kilo aktivt stoff, har blitt redusert med heile 23 prosent dei siste 10 åra. Omsetnaden av ugrasmiddel gjekk mest ned. Frå 1998 til 1999 vart omsetnaden av plantevernmiddel, rekna som aktivt stoff, redusert med 16,6 prosent. Den store nedgangen kan skuldast hamstring i 1998 som følgje av ei omlegging av avgiftssystemet, men det kan òg skuldast ei meir bevisst haldning blant brukarane som følgje av krav til sprøytemiddelsertifikat og betre informasjon omkring dei negative sidene ved sprøytemiddelbruken.
Det er viktig å vere merksam på at effekten av ein overgang frå preparat som krev store dosar til konsentrerte lågdosemiddel ikkje vert fanga opp av statistikk som byggjer på omsett mengde verdistoff.
Meir økologisk jordbruk
Ifølgje Debio hadde 1 707 gardsbruk lagt om til økologisk drift i 1999, ein auke på 8,5 prosent frå året før. Mest økologisk drive areal finn ein i Hedmark (21 622 dekar), medan Sogn og Fjordane (3,6 prosent) kjem best ut dersom ein ser det økologiske arealet i forhold til totalt jordbruksareal. På landsbasis utgjer økologisk drive areal (inklusiv karens) 1,8 prosent av totalt jordbruksareal. Noreg er likevel det landet i Norden som har minst økologisk areal. Finland er på topp med 4,9 prosent, medan Sverige har 4,3 prosent (ekslusiv beite) og Danmark om lag 3 prosent økologisk areal. Som følgje av restriksjonar på bruk av mineralgjødsel og forbod mot bruk av plantevernmiddel, vil økologisk jordbruk generelt føre til mindre skadeverknader på miljøet enn konvensjonelt jordbruk.
økologisk areal og karensareal, fordelt på fylke. 1999 |
Talet på einingar | økologisk areal | Karensareal | Del av totalt jordbruks- areal i fylket. Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Heile landet | 1 707 | 149 510 | 37 988 | 1,80 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
østfold | 54 | 4 783 | 1 492 | 0,80 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Akershus og Oslo | 110 | 13 056 | 2 523 | 1,90 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hedmark | 162 | 18 280 | 3 351 | 2,00 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oppland | 186 | 15 722 | 5 056 | 2,00 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Buskerud | 133 | 9 636 | 2 729 | 2,40 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestfold | 72 | 7 373 | 1 634 | 2,10 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Telemark | 69 | 5 722 | 2 194 | 3,10 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Aust-Agder | 39 | 2 439 | 468 | 2,50 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vest-Agder | 41 | 4 645 | 494 | 2,60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rogaland | 44 | 5 036 | 566 | 0,60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hordaland | 100 | 6 156 | 1 411 | 1,60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sogn og Fjordane | 172 | 11 967 | 5 101 | 3,60 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møre og Romsdal | 83 | 6 314 | 1 778 | 1,30 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Trøndelag | 128 | 14 174 | 2 714 | 2,20 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Trøndelag | 99 | 9 941 | 1 875 | 1,30 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nordland | 99 | 8 830 | 3 244 | 2,10 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Troms | 43 | 4 957 | 1 359 | 2,30 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finnmark | 6 | 479 | 239 | 0,70 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Debio. |
Stabile utslepp av klimagassar
Berekningar viser at jord- og skogbruket i 1998 stod for 10,1 prosent av totale utslepp av klimagassar, målt i CO2-ekvivalentar. CO2-utsleppa stod for 12 prosent av landbruket sitt samla utslepp, medan metan (CH4) og lystgass (N2O) stod for 41 prosent og 47 prosent. Landbruket sin del av totale utslepp har variert mellom 11,7 prosent og 10,1 prosent dei siste 10 åra.
Innsamling av landbruksplast
Ifølgje Plastretur AS blir det omsett om lag 6 500 tonn landbruksplast kvart år, men utviklinga over tid er ikkje kjend. Innsamla mengde har auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til rundt 4 550 tonn i 1999. I 1999 vart altså 70 prosent av omsett plastmengde samla inn med tanke på energi- og materialgjenvinning. 377 kommunar hadde i 1999 eigne mottak for landbruksplast, noko som gjev ei dekningsgrad på 87 prosent. 24 nye kommunar kom til i 1999. 91 prosent av gardbrukarane i Noreg kan levere plast til mottak/innsamlar i eigen kommune.
Konklusjon
Det er klare indikasjonar på at situasjonen har betra seg på enkelte område, til dømes har bruken av handelsgjødsel og plantevernmiddel gått ned, omfanget av haustpløgsel er redusert over tid og stadig meir landbruksplast blir samla inn og gjenvunne. På andre område, som til dømes jordbruket sin innverknad på kulturlandskap og biologisk mangfald, finst det i dag ikkje nok informasjon til å trekkje klare konklusjonar. Her ligg store utfordringar i åra som kjem.
Tabeller:
- Tabell 1 Areal med korn og oljevekstar, etter jordarbeidingsmetode. Haustsådd kornareal. Heile landet. 1989/90-1997/98. Dekar
- Tabell 2 Omsett mengd handelsgjødsel. 1980/81-1998/99. Heile landet. 1 000 tonn verdistoff
- Tabell 3 Innsamling av landbruksplast. Talet på kommunar med innsamlarar og berekna dekningsgrad i fylka. 1999
- Tabell 4 Miljøavgifter på plantevernmiddel og omsetnad av plantevernmiddel. 1985-1999
- Tabell 5 Totale utslepp til luft av klimagassar og andre forureinande stoff, fordelt på sektor. Heile landet. 1998. Tonn
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Per Amund Aarstad
E-post: per.amund.aarstad@ssb.no
tlf.: 40 81 13 79