Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tilleggsnæringar utbreidd i jordbruket
Førebels tal frå Jordbruksteljing 1999 viser at brukarane på om lag kvart tredje gardsbruk med jordbruksareal i drift har ei eller anna form for tilleggsnæring attåt tradisjonelt jord- og skogbruk. Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringane utgjorde om lag 5 000 årsverk i 1998/1999.
Med tilleggsnæring meinast i denne samanhengen ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til driftseininga. Den mest utbreidde tilleggsnæringa er leigekøyring som vert drive av rundt 15 000 driftseiningar. Deretter er det utleige av jakt- og fiskerett, bearbeiding av eige skogsvirke (til dømes sagbruk) og utleige av driftsbygningar og våningshus som er mest vanleg.
Tilleggsnæringar er mest utbreidd på Austlandet og på dei største bruka. På bruk med minst 200 dekar kornareal har 60 prosent av bruka ei eller anna form for tilleggsnæring.
Fleire av næringane som fell inn under omgrepet tilleggsnæringar, krev liten eller ingen arbeidsinnsats. Det vil til dømes vere liten arbeidsinnsats knytt til utleige av jakt- og fiskerett eller bortleige av driftsbygningar. For dei bruka som hadde arbeidsinnsats i tilleggsnæringar, varierte gjennomsnittleg arbeidsforbruk mellom 300 og 500 timar. På Sør-Austlandet vart det i gjennomsnitt nytta 500 timar, medan det i Nord-Noreg gjekk med 300 timar per bruk. På dei minste bruka med mindre enn 150 dekar jordbruksareal i drift, vart det lagt ned i underkant av 500 timar per bruk, medan innsatsen på dei større gardsbruka var på rundt 350 timeverk.
Utval av fullteljing
Dei nyaste resultata som er presenterte i denne artikkelen, er baserte på eit utval av kontrollerte skjema til den fullstendige jordbruksteljinga i 1999. Dette gjer at tala ikkje kan brytast ned på mindre nivå som til dømes fylke og kommune. Oppgåvegivarane gav opp arbeidsforbruket som timeverk, men i denne artikkelen er timeverka rekna om til årsverk. Eit årsverk i jord- og hagebruk er sett til 1 875 timar, medan årsverk i andre samanhengar er sett til 1 750 timar. Det skal utvisast varsemd i samanlikning med resultat frå tidlegare undersøkingar.
Tabeller
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42