Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Kvinnene tek over kvart fjerde gardsbruk
Fleire kvinner gjer bruk av odelsretten. Av gardsbruka med jordbruksareal i drift som vart overtekne dei siste fire år, var nesten kvart fjerde bruk tatt over av ei kvinne. Resultata viser også at ein større del av gardsbruka har blitt tekne over utan bruk av odelsretten dei siste åra.
Den nye odelslova trådte i kraft i 1974, men hadde tilbakeverkande kraft slik at jenter fødde 1965 eller seinare vart jamstelte med gutar. Gjennomsnittleg alder ved overtaking av eigedom ligg på vel 40 år, og odelslova har difor ikkje teke til å gjere seg gjeldande fullt ut. Resultata viser at det stadig vert fleire kvinner som gjer seg nytte av odelsretten, men det må likevel kunne slåast fast at kvinnene ligg etter mennene.
På dei større gardsbruka med jordbruksareal i drift er det færre av bruka som er overtekne av kvinner. Dei siste fire åra har 20 prosent av bruka med meir enn 150 dekar jordbruksareal i drift blitt overtekne av kvinner, medan om lag 27 prosent av dei mindre bruka vart overtekne av kvinner.
Større del av bruka overtekne utan odelsrett
Av dei 9 000 driftseiningane som vart overtekne i løpet av dei fire siste åra, blei 23 prosent overtekne utan odelsrett. Det vil i praksis seie at eigedommane er omsett i fritt sal. Ikkje uventa er det ein større del av dei minste bruka som vert omsett i den frie marknaden. Samanlikna med tilsvarande undersøking i 1992, var det rundt 15 prosent av bruka som vart overtekne utan odelsrett.
Det er i dag stor etterspurnad etter mindre gardsbruk, og problemet har vore at etterspurnaden har vore større enn tilbodet. Den store etterspurnaden etter gardsbruk er truleg årsaka til at fleire mindre bruk dei siste åra har blitt overtekne utan odelsrett.
Av i alt 72 000 gardsbruk med areal i drift, var 65 400 eigd av dei som òg dreiv jorda. Dei resterande 9 prosent vart forpakta eller leigd som sjølvstendige einingar.
Mange brukarar utan landbruksutdanning
Krav til utdanning er stadig aktualisert også i landbruket. I periodar har det vore på tale å krevje landbruksutdanning av dei som ønskjer å drive eit gardsbruk. Fjorårets teljing viser at det er eit stykke igjen før alle bønder har ei eller anna formell landbruksutdanning. I 1999 hadde fire av ti menn ei eller anna form for landbruksutdanning - dei fleste på agronomnivå eller høgare. Tilsvarande hadde berre ei av ti kvinner landbruksutdanning.
Samanlikna med tidlegare, er det no langt fleire av bøndene som har landbruksutdanning. I 1979 og 1989 hadde høvesvis kvar fjerde og kvar tredje mann slik utdanning. Kvinnene var nesten fråverande i oversikten.
I Trøndelag har 50 prosent av mennene og 12 prosent av kvinnene gjennomført minst fem månaders utdanning eller kurs innanfor landbruk. På Vestlandet og i Nord-Noreg er det rundt 30 prosent av mennene som har landbruksutdanning. Tala omfattar berre brukar med eventuelle ektefelle eller sambuar, og ikkje born, foreldre eller andre som arbeider på gardsbruka.
Utval av fullteljing
Dei nyaste resultata som er presentert i denne artikkelen, er basert på eit utval av kontrollerte skjema til den fullstendige jordbruksteljinga i 1999. Dette gjer at tala ikkje kan brytast ned på mindre nivå som til dømes fylke og kommune.
Tabeller:
- Tabell 1 Tal eigedommar med areal i drift overtatt med odel, etter tidsperiode, kjønn, landsdel, bruksstorleik, korn- og oljevekstareal og talet på mjølkekyr. 1999*
- Tabell 2 Tal eigedommar med areal i drift overtatt med og utan odel, etter tidsperiode, landsdel, bruksstorleik, korn- og oljevekstareal og talet på mjølkekyr. 1999*
- Tabell 3 Brukarar med ektefeller1, etter landbruksutdanning, landsdel, bruksstorleik, korn- og oljevekstareal og talet på mjølkekyr. 1979, 1989 og 1999*.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42