38660_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38660
Mange utlendingar i hagebruket
statistikk
2000-05-30T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mange utlendingar i hagebruket

Førebels tal frå Gartneri- og hagebruksteljinga 1999 viser at nesten 900 årsverk blei utført av utanlandske gjestearbeidarar. Dette utgjorde om lag 30 prosent av all arbeidsinnsats i hagebruket. I bærdistrikta blei nærare 60 prosent av det totale arbeidet utført av utlendingar.

I alt blei det utført 3 000 årsverk i hagebruksnæringa i 1998. Då er ikkje arbeidsinnsats i veksthus medrekna. Til dyrking av grønsaker på friland blei det utført 1 300 årsverk, i bærdyrking 1 000 årsverk og i fruktdyrking 700 årsverk.

Hagebruksnæringa gjer seg mest gjeldande i Buskerud, Vestfold og Hordaland, der arbeidsinnsatsen er på mellom 360 og 400 årsverk. I dei to førstnemnde fylka er arbeidsinnsatsen knytta til grønsakdyrking, medan arbeidet i Hordaland er mest knytta til fruktdyrking.

Det er første gong arbeidsinnsatsen innanfor hagebrukssektoren blir kartlagt på denne måten.

Mest gulrot

Talet på driftseiningar som dyrka grønsaker, har dei siste 20 åra blitt halvert til rundt 1 700 einingar. Samstundes har arealet auka med 22 prosent til 59 000 dekar i 1999. Gulrot er den største enkeltkulturen, og det blei dyrka gulrot på til saman 13 000 dekar. Deretter kjem dyrking av erter og bønner til konservesfabrikk på vel 8 000 dekar, og hovudkål, kepaløk og blomkål på rundt 5 000 dekar kvar. Samanlikna med 1979, har arealet av gulrot og kepaløk auka med 1 200 og 1 600 dekar. Arealet av hovudkål har i same perioden blitt halvert.

Det desidert største grønsakarealet er i Vestfold. Der var arealet i 1999 på knapt 17 000 dekar, og dette er ein auke på 70 prosent sidan 1979.

Meir morellar

Talet på driftseiningar som driv med fruktdyrking, har òg blitt nær halvert dei siste 20 åra. I fjor blei det registrert vel 1 600 einingar med minst eitt dekar frukttre. Over halvparten av fruktdyrkarane og nærare 60 prosent av areal med frukt er lokalisert i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Av fruktslaga blir det dyrka mest eple, og i fjor var eplearealet på nesten 19 000 dekar. Det blei dyrka plommer på vel 3 000 dekar, pærer på 2 200 dekar, morellar på 2 500 dekar og kirsebær på knapt 500 dekar.

Omkring ein femdel av eplearealet er tilplanta etter 1994, og ein tredel er tilplanta før 1985. Pærearealet har mykje høgare gjennomsnittsalder, og berre 5 prosent er tilplanta etter 1994. Dei seinare åra har det vore stor interesse for morelldyrking, og 40 prosent av arealet er tilplanta etter 1994.

Færre bærdyrkarar

Talet på bærdyrkarar har òg gått tilbake dei siste 20 åra. Talet på jordbærprodusentar har blitt halvert til 1 300, medan talet på bringebærprodusentar har gått ned frå 800 til 650 i same perioden. Jordbærarealet har auka med 1 500 dekar til 16 500 dekar, medan bringebærarealet auka med 1 500 dekar til 2 400 dekar.

Innanfor jordbærdyrkinga har det vore ein klar vridning mot færre og større produsentar. Sortsvalet har òg endra seg. Medan Senga Sengana utgjorde kring tre firedelar av arealet i 1985, blir sorten no dyrka på 16 prosent av arealet. Den nyare sorten Korona utgjer no knapt halvparten av jordbærarealet.

I tillegg til jordbær og bringebær, blei det i 1999 dyrka solbær på 2 000 dekar, medan andre bær som til dømes hageblåbær og rips blei dyrka på rundt 550 dekar.

Tabeller: