38656_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38656
Telemark: Annakvart gardsbruk leiger tilleggsjord
statistikk
2001-01-11T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Telemark: Annakvart gardsbruk leiger tilleggsjord

Endelege tal frå Jordbruksteljing 1999 viser at halvparten av gardsbruka med areal i drift i Telemark leiger tilleggsjord frå andre bruk. Talet på driftseiningar har sidan 1989 gått ned med 1 700 til 2 616 i 1999. Dette er ein nedgang på nesten 40 prosent. Jordbruksarealet er om lag uendra.

2 000 årsverk

I alt blei det utført arbeidsinnsats tilsvarande 2 000 årsverk på driftseiningane i Telemark. På 1 400 bruk var den samla arbeidsinnsatsen mindre enn eit halvt årsverk, medan rundt 700 einingar hadde arbeidsinnsats på eitt årsverk eller meir. Av dei i alt 4 650 brukarane (medrekna ektefellar og sambuarar) arbeidde 700 minst 1 500 timar på bruket. Tilsvarande var det i 1989 1 200 brukarar som arbeidde minst 1 500 timar.

Rundt 4 400 av brukarane hadde arbeid utanom driftseininga, og 2 500 arbeidde 1 500 timar eller meir utanom.

For første gong har arbeidsinnsats i såkalla tilleggsnæringar blitt kartlagt. Tilleggsnæringar er verksemd som utnyttjar driftseininga sine areal, bygningar eller maskinar. Knapt halvparten av driftseiningane, eller 1 224 bruk, dreiv med tilleggsnæringar i eit omfang tilsvarande 170 årsverk. Det er leigekjøring som er den største tilleggsnæringa, og knapt 600 einingar dreiv med leigekjøring i 1998/1999.

Endra gjødslingspraksis

Av i alt 1 800 driftseiningar med fulldyrka eng i 1999, nytta 1 600 handelsgjødsel. Samanlikna med 1989 er det no ein større del av bruka som tilfører meir nitrogen per dekar. For fosfor er det no fleire som gjødslar svakare. For korn og oljevekstar viser resultata same utvikling.

Få bruk med brannvarslingsanlegg

Færre enn 100 av i alt 1 400 bruk med husdyr hadde godkjent brannvarslingsanlegg i eit eller fleire av bygningane med husdyrrom. Dette er om lag som landsgjennomsnittet.

Andre resultat

Jordbruksteljinga spenner vidt i kartlegginga av ulike forhold i jordbruksnæringa, og det er for omfattande å kommentere alle resultata her. Det vert vist til tabellvedlegg under og "Tall for den enkelte kommune" til venstre for meir informasjon. Ved å vende seg til Statistisk sentralbyrå er det mogleg å få henta ut fleire opplysningar, eller å få resultata gruppert på andre måtar.

Tabeller: