Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sogn og Fjordane: Eitt av fire bruk med maskinsamarbeid
1 300 av driftseiningane i jordbruket i Sogn og Fjordane dreiv maskinsamarbeid eller bytearbeid med maskinar i 1999. Mest utbreidd var samarbeid i samband med hausting av grovfôr.
Ikkje uventa var det arbeidsoperasjonar som krev større og dyrare maskinar, det var mest utbreidd med samarbeid eller bytearbeid. Grovfôrslått og rundballepakking var mest utbreidd, og rundt 400 driftseiningar dreiv samarbeid eller bytearbeid kring slikt arbeid. Om lag det same talet bruk var med i samarbeid om spreiing av husdyrgjødsel, medan noko færre samarbeidde om pløying/harving, såing og sprøyting.
Maskinsamarbeid og bytearbeid med maskinar utan betaling, blir forstått som at gardbrukarane inngår i eit samarbeid med kvar sine maskinar, eller at dei er medlemmer i eit noko meir formelt samarbeid med felles maskinar. At to brukarar berre eig kvar sin halvpart i ein maskin, blir etter denne definisjonen ikkje definert som maskinsamarbeid.
Eitt av fire bruk nedlagt
I 1999 var det i alt 5 300 driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Sidan 1989 har brukstalet gått tilbake med rundt 25 prosent. Det er dei minste bruka som har blitt lagt ned som sjølvstendige einingar, og talet på bruk med mindre enn 50 dekar jordbruksareal i drift har blitt halvert. Dei attverande bruka blei større, og talet på bruk med 200 dekar i drift eller meir har blitt nær tredobla sidan 1989. Gjennomsnittsbruket auka i tiårsperioden med 25 dekar i drift til 89 dekar, og dette var av dei minste gjennomsnittsbruka i landet.
6 500 årsverk
I alt blei det utført arbeidsinnsats tilsvarande 6 500 årsverk på driftseiningane i Sogn og Fjordane i 1998/1999. På 2 900, eller noko over halvparten av bruka, var den samla arbeidsinnsatsen på eitt årsverk eller meir, medan 1 100 av driftseiningane hadde arbeidsinnsats mindre enn eit halvt årsverk.
Av dei i alt 9 200 brukarane (medrekna ektefellar og sambuarar) arbeidde 2 900 minst 1 500 timar på bruket. I 1989 var det 4 300 brukarar som arbeidde minst 1 500 timar.
30 prosent med landbruksutdanning
På 1 600, eller nesten kvar tredje driftseining, hadde minst ein av brukarane landbruksutdanning. Dei fleste hadde utdanning på agronomnivå eller høgare. 29 prosent av dei mannlege brukarane, og 8 prosent av dei kvinnelege brukarane hadde landbruksutdanning. I 1989 var det minst ein brukar med landbruksutdanning på 23 prosent av driftseiningane. 24 prosent av mennene og 4 prosent av kvinnene var landbruksutdanna.
Andre resultat
Jordbruksteljinga spenner vidt i kartlegging av ulike forhold i jordbruksnæringa, og det er for omfattande å kommentere alle resultata her. Det blir vist til tabellvedlegg under og "Tall for den enkelte kommune" til venstre for meir informasjon. Ved å vende seg til Statistisk sentralbyrå er det mogleg å få henta ut fleire opplysningar, eller å få resultata gruppert på andre måtar.
Tabeller:
- Tabell 1 Talet på driftseiningar, etter storleiken på jordbruksareal i drift. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 2 Jordbruksareal i drift. Talet på driftseiningar med eng og potet. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999. Dekar
- Tabell 3 Einingar som leiger areal og storleiken på leigeareal. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 4 Talet på husdyr og talet på bruk med husdyr. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 5 Talet på brukarar etter når dei tok over hovudbruket. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 6 Sivil status og alder til referanseperson. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 7 Arbeidsinnsats på driftseininga, etter næring og etter kven som har utført arbeidet. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1999
- Tabell 8 Talet på personlege brukarar, etter arbeidsinnsats i jord-, hage- og skogbruk på driftseininga. Menn og kvinner. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 9 Talet på driftseiningar, etter talet på årsverk i jord-, hage- og skogbruk. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1. august 1998-31. juli 1999
- Tabell 10 Driftseiningar som har tilført nitrogen (N) og fosfor (P) frå handelsgjødsel til fulldyrka eng. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 11 Driftseiningar med fulldyrka eng til slått og beite og fulldyrka eng til slått og beite, etter alder på enga. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1999
- Tabell 12 Talet på driftsbygningar, etter byggeår. Grunnflate til driftsbygningar og driftsbygningar heilt eller delvis ikkje i bruk. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 13 Talet på bruk med husdyr og godkjent brannvarslingsanlegg. Bruk med nødstraumsaggregat. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1999
- Tabell 14 Talet på personlege brukarar, etter arbeidsinnsats utanom driftseininga. Menn og kvinner. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 15 Talet på driftseiningar med firehjulstraktor og talet på firehjulstraktorar, etter alder. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 16 Driftseiningar med personleg brukar og brukarane si landbruksutdanning. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1989 og 1999
- Tabell 17 Driftseiningar som driv maskinsamarbeid eller bytearbeid med maskinar. Kommunar i Sogn og Fjordane. 1999
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42