20478_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/skogbruk/aar-endelige
20478
Færre gardsskogbruk
statistikk
2001-06-06T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
skogbruk, Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt), skogeigedomar, arbeidsinnsats, produktivt skogareal, hogstkvantum, skogavverking, skogplanting, tilleggsnæringar (for eksempel hytteutleige, tomtefeste, juletreproduksjon)Skogbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)1999-2000, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre gardsskogbruk

Målt etter produktivt skogareal var den gjennomsnittlege storleiken på skogeigedomane i Noreg 571 dekar. Berre 1 prosent av skogeigedomane hadde meir enn 5 000 dekar produktivt skogareal. I 2000 dreiv knapt halvparten av skogeigarane også jordbruksareal. 20 år tidlegare var nesten to tredjedelar av skogeigarane òg jordbrukarar.

Gjennomsnittleg storleik på det produktive skogarealet var 571 dekar per eigedom. Over halvparten av skogeigarane eigde mindre enn 250 dekar produktivt skogareal, og til saman hadde dei vel ein tiendedel av landets produktive skogareal. Berre 1 prosent av skogeigarane eigde meir enn 5 000 dekar produktiv skog, medan desse areala til saman utgjorde ein knapp tredjedel av landets produktive skogareal.

Skogeigedomar med jordbruksareal i drift1
  1979 1989 1999
Skogeigedomar totalt 120 930   125 522   120 471
Skogeigedomar med jordbruksareal i drift. Prosent 62 53 44
1  Omfattar eigedomar med minst 25 dekar produktivt skogareal.

Under halvparten dreiv jordbruk

44 prosent av skogeigarane dreiv òg jordbruk i 2000, og desse eigde 43 prosent av landets produktive skogareal. Det har blitt færre kombinerte jord- og skogbrukarar dei siste 20 åra, medan talet på skogeigarar i alt har halde seg nokolunde konstant.

Reine skogeigarar hadde større skogeigedomar

Skogeigarar som òg dreiv jordbruk hadde i gjennomsnitt 44 dekar mindre produktivt skogareal enn reine skogeigarar. Det var store variasjonar mellom fylka. I Nord-Trøndelag var differansen størst. I vel halvparten av fylka hadde derimot dei kombinerte jord- og skogbrukarane meir produktiv skog enn dei reine skogeigarane.

Det var samanheng mellom storleiken på skogareal og på jordbruksareal i drift hos kombinerte jord- og skogbrukarar, slik at skogeigarar som dreiv stort jordbruksareal eigde mykje skog, og omvendt.

Kombinerte brukarar hogg oftare

Kombinerte jord- og skogbrukarar hogg oftare for sal enn skogeigarar som ikkje dreiv jordbruk. I landssamanheng stod dei kombinerte brukarane for halvparten av hogstkvantumet for sal. Det blei naturleg nok avverka oftare på store skogeigedomar enn på små.

Ein tiendedel planta

Det blei planta og sådd på 11 prosent av skogeigedomane i 1999, i gjennomsnitt 19 dekar på kvar av desse. Dette utgjorde 265 000 dekar i landssamanheng. Det same året blei det snauhogd 333 000 dekar.

Delen av skogeigarar som planta og sådde auka med aukande storleik på dei produktive skogareala. Samanlikna med dei reine skogeigarane var det relativt fleire kombinerte jord- og skogbrukarar som planta og sådde i 1999. Dei kombinerte brukarane stod for om lag halvparten av det planta og sådde arealet i landssamanheng.

Entreprenørar, skogeigarar og lønna arbeidshjelp utførte om lag ein tredjedel kvar av arbeidet med planting og såing. Skogeigarar som òg dreiv jordbruk stod for ein mindre del av arbeidet med planting og såing dess større jordbruksareal dei dreiv.

Ein sjettedel dreiv ungskogpleie

Det blei utført ungskog- eller gjenvekstpleie på 17 prosent av skogeigedomane i 1999. I gjennomsnitt blei det gått gjennom 28 dekar på kvar eigedom, noko som til saman utgjorde 557 000 dekar.

Delen eigedomar med utført ungskogpleie auka med aukande storleik på det produktive skogarealet. Samanlikna med reine skogeigarar var det relativt fleire jord- og skogbrukarar som dreiv slik skogpleie. I landssamanheng stod desse to eigarkategoriane kvar for seg for halvdelen av ungskogpleiearealet.

Skogeigarane utførte knapt halvparten av arbeidet, medan lønna arbeidshjelp og entreprenørar stod for vel ein fjerdedel kvar.

 Skogeigarar med skogbruksplan

Ein av tre hadde skogbruksplan

Delen av skogeigarane som hadde skogbruksplan har auka dei siste 20 åra. I 1999 hadde ein tredjedel skogbruksplan for heile eller deler av eigedomen. Planane dekte om lag to tredjedelar av det produktive skogarealet i landet, og hadde til saman ein utrekna årleg tilvekst på 10,2 millionar m3.

Med aukande skogareal var det fleire skogeigarar som hadde plan. Av skogeigarane var det òg fleire som hadde plan blant dei som dreiv jordbruk enn dei som ikkje dreiv jordbruk, men delen av produktiv skog som var dekt var om lag den same i begge kategoriane. Det var òg variasjonar mellom fylka. I Vestfold dekte skogbruksplanane 83 prosent av det produktive skogarealet, og heile 53 prosent av skogeigarane hadde plan. I Sogn og Fjordane var dekninga 21 prosent, og berre 15 prosent av skogeigarane hadde plan.

Se også tabell 1 i tidligere artikkel http://www.ssb.no/skogbruk/arkiv/art-2001-05-08-01.html .

Tabeller: