20482_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/skogbruk/aar-endelige
20482
Ein av fire med utmarksinntekter
statistikk
2009-06-23T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
skogbruk, Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt), skogeigedomar, arbeidsinnsats, produktivt skogareal, hogstkvantum, skogavverking, skogplanting, tilleggsnæringar (for eksempel hytteutleige, tomtefeste, juletreproduksjon)Skogbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)2008, endelege tal

Innhald

Publisert:

Ein av fire med utmarksinntekter

På 25 prosent av skogeigedomane i landet blei det opplyst at det var omsetning innanfor ei attåtnæring utanom tradisjonelt skogbruk i 2007. Sal av jakt- og fiskerettar var den mest utbreidde attåtnæringa.

Bruttoinntekt frå attåtnæring, etter aktivitet. 2007. Prosent

Skogeigedomar med attåtnæring, etter storleiken på bruttoinntekt. 2007. Eigedomar

Drygt 20 000 skogeigedomar hadde bruttoinntekt innanfor attåtnæring. Dei mest utbreidde attåtnæringane var sal av jakt- og fiskerettar, bortfeste av tomter og hytteutleige.

Attåtnæring vanlegast for dei største grunneigarane

Ikkje uventa har storleiken på eigedomane mest å seie for om eigedomen driv attåtnæring. Medan tre av fire eigedomar med mellom 5 000 og 19 999 dekar produktiv skog driv attåtnæring, held over 90 prosent av dei som har minst 20 000 dekar produktiv skog, på med ei eller anna form for attåtnæring.

Varierande bruttoinntekt

Samla bruttoinntekt frå attåtnæringane var snautt 900 millionar kroner. Det var stor variasjon i storleiken på bruttoinntekta, og dei største eigedomane hadde dei største inntektene. Om lag 85 prosent av skogeigedomane hadde bruttoinntekt under 50 000 kroner, og berre 2 prosent hadde bruttoinntekt over 500 000 kroner. I gjennomsnitt var bruttoinntekta på snautt 45 000 kroner for kvar eigedom med attåtnæring.

For andre tema på Landbruksundersøking 2008 er det små skilnader mellom førebelse og endelege tal.

Attåtnæring:

Ein aktivitet som nyttar ressursane i skog og utmark til anna enn skogbruk.

Skogeigedomar som inngår i statistikken

Landbruksundersøkinga 2008 omfattar skogbrukseigedomar med minst 100 dekar produktivt skogareal. Tidlegare år har Landbruksundersøkinga og andre utvalsundersøkingar omfatta eigedomar med minst 25 dekar produktivt skogareal.

Tabeller: