Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Entreprenørar utførte tre fjerdedelar av hogsten
Innleidde entreprenørar utførte vel tre fjerdedelar av hogsten og framkøyringa i skogbruket i 1999. To tredjedelar av virket blei hogd med hogstmaskin og køyrd fram med lassbærar.
Mange små skogeigedomar
Førebelse tal frå Landbruksundersøkinga 2000 viser at det var drygt 120 000 eigedomar med minst 25 dekar produktivt skogareal her i landet. Det samla produktive skogarealet for desse eigedomane er utrekna til 68,7 millionar dekar.
Ein femtedel hogg for sal
Det blei hogd for sal på 21 prosent av skogeigedomane i 1999. I alt blei det avverka 7,8 millionar m3, og det gjer eit gjennomsnitt på 302 m3 per eigedom med virke for sal.
40 prosent hogg for sal minst ein gong i løpet av dei fem siste åra. Fleire faktorar påverkar kor ofte det blir avverka. Dess større skogareal, dess oftare blir det avverka. Det er òg fylkesvariasjonar. I Vestfold avverka to tredjedelar av skogeigarane minst ein gong i løpet av denne perioden.
Store eigedomar - store hogstflater
Av samla hogstkvantum for sal kom 89 prosent frå sluttavverking, 9 prosent frå tynning og 2 prosent frå hogst av vindfall, frø- og skjermtre. Hogstflatene etter snauhogst var størst på dei store skogeigedomane, 31 dekar på eigedomar med minst 20 000 dekar produktivt skogareal, mot berre 8 dekar på eigedomar med under 100 dekar produktivt skogareal.
Eigedomar med meir enn 2000 dekar produktivt skogareal tok ut ein større del av kvantumet frå tynning enn dei mindre eigedomane.
Entreprenørar utførte mesteparten av arbeidet
I 1999 blei 67 prosent av det totale kvantumet for sal avverka med hogstmaskin. Her var andelen større på dei store enn på dei små skogeigedomane. I Oslo og Akershus blei 80 prosent av alt virke for sal avverka med hogstmaskin, medan tilsvarande tal i Møre og Romsdal berre var 7 prosent.
På landsbasis avverka skogeigarar og ulønna familiemedlemmer 16 prosent av kvantumet, medan entreprenørar sto for 78 prosent. Resten blei avverka av lønna arbeidshjelp.
Over to tredjedelar av virket blei køyrd fram med lassbærar, medan ein knapp fjerdedel blei køyrd fram med landbrukstraktor med vinsj. I Møre og Romsdal blei berre 7 prosent av virket framkøyrd med lassbærar, medan tilsvarande tal for Hedmark var 85 prosent.
78 prosent av virket blei køyrd fram av entreprenør, medan skogeigarar og ulønna familiemedlemmer sto for 18 prosent, og lønna arbeidshjelp 4 prosent.
Entreprenørane utførte ein større del av både hogst og terrengtransport på dei store enn på dei små skogeigedomane.
Lågare driftsutgifter
Prisen for hogst og terrengtransport utført av entreprenørar var lågare i 1999 enn fire år tidlegare. I 1999 tok entreprenørane i gjennomsnitt for heile landet 110 kr per m3 for sluttavverking og 165 kr per m3 for tynning. I 1995 var dei tilsvarande prisane i same følgd 118 og 175 kr per m3.
Sluttavverking med entreprenør var i 1999 billegast i Hedmark, der det kosta 91 kr per m3, medan det var dyrast i Troms, Finnmark og Hordaland, med 170 kr per m3. Dess mindre det produktive skogarealet var, dess høgare var driftsutgiftene ved sluttavverking.
Tabeller:
- Tabell 1 Eigedomar, etter storleiken på produktivt skogareal
- Tabell 2 Avverking for sal, etter hogstmetode. 1999. Prosent
- Tabell 3 Avverking for sal i 1999, etter kven som utførte hogsten. Prosent
- Tabell 4 Avverking for sal, etter terrengtransport. 1999. Prosent
- Tabell 5 Avverking, fordelt etter kven som utførte terrengtransporten. 1999. Prosent
- Tabell 6 Eigedomar, etter talet på år med avverking for sal dei siste fem åra. Prosent
- Tabell 7 Gjennomsnittlege driftsutgifter til hogst og terrengtransport, etter hogsttype i 1999. Kroner per m³
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42