20476_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/skogbruk/aar-forelopige
20476
Tre fjerdedelar av skogen økonomisk drivverdig
statistikk
2005-01-31T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
skogbruk, Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt), skogeigedomar, arbeidsinnsats, produktivt skogareal, hogstkvantum, skogavverking, skogplanting, tilleggsnæringar (for eksempel hytteutleige, tomtefeste, juletreproduksjon)Skogbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Tre fjerdedelar av skogen økonomisk drivverdig

Vel tre fjerdedelar av det produktive skogarealet var økonomisk drivverdig i 2003, meinte skogeigarane sjølve. Delen økonomisk drivverdig skog er høgast i skogfylke som Hedmark og Akershus, med knapt 90 prosent. På Vestlandet og i Nord-Noreg blei berre vel halvparten av skogarealet rekna som økonomisk drivverdig.

Skogeigarane meinte at berre 78 prosent av det produktive skogarealet i Noreg var økonomisk drivverdig i 2003. Delen som er økonomisk drivverdig, baserer seg på skogeigarane si vurdering. Skogeigarar med små eigedomar meinte at ein mindre del av den produktive skogen deira var økonomisk drivverdig enn skogeigarar med større eigedomar. Skogeigarane med minst 5 000 dekar produktivt skogareal meinte at 85 prosent av skogen var økonomisk drivverdig. Skogeigarar med mindre enn 100 dekar produktivt skogareal meinte at 62 prosent av skogarealet var økonomisk drivverdig.

Gjennomsnittleg produktivt skogareal, etter fylke. 2003. Dekar

Mange små skogeigedomar

Førebelse tal frå Landbruksundersøkinga 2004 viser at det var knapt 119 000 skogeigedomar med minst 25 dekar produktivt skogareal her i landet i 2003. Tre av fire skogeigedomar er mindre enn 500 dekar. Gjennomsnittseigedomen er på 575 dekar. Til saman var det produktive skogarealet på 68,2 millionar dekar. Heile 20 prosent av det produktive skogarealet finn ein i Hedmark. I dette fylket har skogbrukseigedomane ein gjennomsnittsstorleik på 1 187 dekar.

Delen skogeigedomar med avverking for sal, etter storleiksklasse. 2003. Prosent

Ein av sju skogeigarar hogg for sal i 2003

I alt var avverkinga i 2003 på vel 7,9 millionar kubikkmeter. Av dette var 6,9 millionar kubikkmeter tømmer for sal. Det blei hogd tømmer for sal på 14 prosent av skogeigedomane i 2003. Dette er ein nedgang frå 1999 då det blei hogd for sal på 21 prosent av eigedomane. I gjennomsnitt var avverkinga for sal på 372 kubikkmeter frå kvar skogeigedom med avverking, ein auke frå 302 kubikkmeter i 1999. I Rogaland var gjennomsnittleg avverking for sal på 48 kubikkmeter, medan gjennomsnittet i Hedmark var på 896 kubikkmeter.

For heile landet kjem 88 prosent av tømmeret frå sluttavverking, 9 prosent frå tynning og 3 prosent frå hogst av vindfall, frøtre og skjermtre. Denne fordelinga var den same i 1999.

Entreprenørane utfører stadig meir av avverkinga

Heile 85 prosent av avverkinga for sal i 2003 blei utført med hogstmaskin. I 1999 var tilsvarande tal 67 prosent. Dei regionale variasjonane er store. I Hedmark blei heile 93 prosent av kvantumet hogd med hogstmaskin. I Møre og Romsdal var det tilsvarande talet berre 23 prosent.

På landsbasis utførte skogeigarane og ulønte familiemedlemmer 9 prosent av avverkinga sjølve. Tilsvarande tal i 1999 var 16 prosent. I 2003 stod entreprenørar for 88 prosent av hogsten, medan lønt arbeidshjelp berre stod for 3 prosent.

Entreprenørar stod for 87 prosent av terrengtransporten, skogeigarane og ulønte familiemedlemmer stod for 11 prosent og lønt arbeidshjelp for 3 prosent. I Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane utførte skogeigarane om lag halvparten av transporten sjølve. I Hedmark derimot, blei berre 4 prosent av tømmeret transportert ut frå skogen av skogeigarane sjølve og ulønte familiemedlemmer.

Gjennomsnittlege driftskostnader for hogst og køyring. 1991, 1995, 1999 og 2003. Kr/m3

Driftskostnadene gjekk ned

I 2003 låg gjennomsnittsprisen for hogst og terrengtransport på 109 kroner per kubikkmeter for sluttavverking og 158 kroner per kubikkmeter for tynningsdrifter. Dette er ein svak nedgang frå 1999, då sluttavverkinga kosta 110 kroner per kubikkmeter og tynninga 165 kroner per kubikkmeter.

Driftskostnadene varierte mykje mellom fylka. Sluttavverking kosta 93 kroner per kubikkmeter i Hedmark og 164 kroner per kubikkmeter i Nordland. Tynningsprisen var 147 kroner per kubikkmeter i Hedmark og 191 kroner per kubikkmeter i Oppland.

Nedgang i talet på skogbruksplanar

Delen av skogeigarar som har skogbruksplan som er 15 år eller nyare, har gått litt ned sidan 1999 etter å ha auka i 20 år. I 2003 hadde 29 prosent av skogeigarane skogbruksplan, mot 33 prosent i 1999. Desse skogbruksplanane dekkjer 56 prosent av det produktive skogarealet, medan dei i 1999 dekte 65 prosent. Til saman hadde eigedomane med plan ein utrekna årleg tilvekst på 9,9 millionar kubikkmeter. Ståande volum for desse eigedomane var på 283 millionar kubikkmeter.

I Vestfold har 44 prosent av skogeigarane plan, og planane dekte 74 prosent av det produktive skogarealet. Delen eigedomar med skogbruksplan aukar med skogarealet. Blant dei som har over 5 000 dekar skog, har tre av fire plan.

Flatehogst på 60 prosent av avverka areal

Hogstforma som er nytta ved avverkinga i 2003 fordeler seg med 61 prosent flatehogst, 18 prosent frøtrestillingshogst, 4 prosent skjermstillingshogst, 7 prosent småflatehogst og 10 prosent annan hogst som fjellskoghogst og gjennomhogst. Det har vore ein nedgang i delen flatehogst. I 1995 var 70 prosent av avverka areal flatehogst, medan 66 prosent var flatehogst i 1999.

For heile landet var den gjennomsnittlege hogstflata på 19,5 dekar i 2003, medan ho var på 31 dekar i Hedmark. Flatestorleiken auka med eigedomsstorleiken. Skogeigedomane med over 20 000 dekar skog hogg flater på gjennomsnittleg 31,5 dekar.

Tabeller: