20474_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/skogbruk/aar-forelopige
20474
650 millionar i utmarksinntekter
statistikk
2005-03-09T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
skogbruk, Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt), skogeigedomar, arbeidsinnsats, produktivt skogareal, hogstkvantum, skogavverking, skogplanting, tilleggsnæringar (for eksempel hytteutleige, tomtefeste, juletreproduksjon)Skogbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

650 millionar i utmarksinntekter

Skogeigarane hadde i 2003 ei samla bruttoinntekt berekna til 650 millionar kroner frå attåtnæringar som nytta utmarksressursane på eigedomane. Til samanlikning var den samla bruttoinntekta frå tømmer seld til industrien 2 milliardar kroner i 2003.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt frå attåtnæring i skog og utmark, etter storleiksklasse. 2003. Kroner eksklusiv moms

Bruttoinntekt frå attåtnæringar i skog og utmark, etter aktivitet. 2003. Prosent

For første gong presenterer SSB statistikk over inntektene frå attåtnæringar i utmarka. Resultata viser at 12 prosent av skogeigedomane hadde ei attåtnæring som nytta areala og ressursane i skog og anna utmark i 2003. Det var flest eigedomar med attåtnæring i Buskerud, der ein av fire hadde slik attåtnæring. I Troms og Finnmark var det berre 3 prosent av eigedomane som nytta skogen og utmarka til attåtnæring. Storleiken på eigedomane har likevel mest å seie for om eigedomen har attåtnæring. Av skogeigedomane på mellom 5 000 og 19 999 dekar hadde tre av fem attåtnæring, medan ni av ti eigedomar med minst 20 000 dekar produktiv skog hadde slik attåtnæring.

I gjennomsnitt var bruttoinntekta på 45 000 kroner for kvar eigedom med attåtnæring. Dei største skogeigedomane hadde naturleg nok dei største inntektene frå desse næringane. Skogeigedomar med mellom 5 000 og 19 999 dekar produktivt skogareal hadde ei gjennomsnittleg bruttoinntekt frå skog- og utmarksbaserte attåtnæringar på 111 000 kroner i 2003. Eigedomane med minst 20 000 dekar produktivt skogareal hadde i gjennomsnitt ei bruttoinntekt på 799 000 kroner frå desse attåtnæringane same året.

I alt blei det lagt ned knapt 1,3 millionar arbeidstimar - 705 årsverk - i dei utmarksbaserte attåtnæringane i 2003. 770 000 av timeverka blei utførte av skogeigarane sjølve. Det gjekk til saman med 328 000 arbeidstimar til sal av jakt- og fiskerettar og til tilrettelegging for jakt og fiske.

Gjennomsnittleg arbeidsinnsats i skogbruket for skogeigarar med arbeidsinnsats, etter storleiksklasse. 2003. Timar

Arbeidsinnsats i skogbruket, etter type arbeidskroner. 2003. Prosent

Skogbrukarane utførte vel 2 000 årsverk i skogbruket

Totalt arbeidde skogeigarane sjølve 3,8 millionar timar -2 068 årsverk- med praktisk skogsarbeid og administrasjon av skogbruket i 2003. Vel halvparten av skogeigarane la ned noko arbeid i skogbruket dette året. I gjennomsnitt arbeidde desse skogeigarane 53 timar kvar. Tek ein med arbeidsinnsatsen til ektefelle/sambuar og lønt arbeidshjelp vart det lagt ned 5,4 millionar timeverk - 2 917 årsverk - i skogbruket i 2003. Då har ein ikkje rekna med arbeid utført av entreprenør eller andre sjølvstendig næringsdrivande leigd inn i 2003.

På eigedomane med mellom 5 000 og 19 999 dekar produktivt skogareal brukte 67 prosent av skogeigarane tid på skogbruket i 2003. Dei la i gjennomsnitt ned 176 timar til skogsarbeid og administrasjon av skogbruket. På eigedomar med minst 20 000 dekar produktivt skogareal blei det brukt lønt arbeidshjelp til administrasjon og praktisk skogsarbeid på 89 prosent av eigedomane i 2003. I gjennomsnitt blei det leigd inn hjelp i 1 416 timar på desse eigedomane.

Færre plantar skog

Det blei planta eller sådd skog på 8 prosent av skogeigedomane i 2003. I 1999 var det tilsvarande talet 11 prosent. I 2003 blei det i alt planta skog på 201 000 dekar, medan det blei avverka skog på 287 000 dekar i form av flatehogst. I gjennomsnitt for dei eigedomane det blei planta skog på, blei det planta til eit areal på 21 dekar. I 1999 blei det planta skog på 265 000 dekar. Nedgangen frå 1999 kjem blant anna av bortfall av statstilskott i denne perioden.

Trass i ein nedgang i plantinga frå 1999, er likevel det tilplanta arealet høgt samanlikna med Skogkulturstatistikken , som byggjer på tal frå skogavgiftsrekneskapen. Hovudårsaka til det er at skogeigarane ikkje nyttar skogavgift til all plantinga.

Skogeigarane stod for 35 prosent av plantearbeidet, entreprenørar stod for 39 prosent av arbeidet og 26 prosent av arbeidet blei gjort av lønt arbeidshjelp. I 1999 stod kvar av desse tre aktørane for om lag ein tredjedel av arbeidet kvar.

Mindre ungskogpleie

Ungskog- eller gjenvekstpleie blei utført på 13 prosent av skogeigedomane i 2003. Dette er ein nedgang frå 1999, då det blei utført slikt arbeid på 17 prosent av eigedomane. Bortfall av statstilskott til skogkulturarbeid er truleg ein viktig grunn til nedgangen.

Det gjennomsnittlege arealet det blei utført ungskogpleie på, var 21 dekar i 2003 og 28 dekar i 1999. Totalarealet har gått monaleg ned dei siste åra og var på knapt 322 000 dekar i 2003 mot 557 000 dekar i 1999. Berre 40 prosent av arbeidet blei finansiert med skogavgift i 2003.

Skogeigarane utførte sjølve 59 prosent av ungskogpleia, 24 prosent blei utført av betalt arbeidshjelp og 17 prosent av entreprenørar. I 1999 gjorde skogeigarane om lag halvparten av arbeidet sjølve, medan lønt arbeidshjelp og entreprenørar utførte ein fjerdedel kvar.

Skogeigedomar med jordbruksareal i drift1. 2003
  1979 1989 1999 2003
Skogeigedomar i alt  120 930  125 522  120 471  118 617
Skogeigedomar med jordbruksareal i drift. Prosent 62 53 44 38
1  Omfattar eigedomar med minst 25 dekar produktivt skogareal.

To av fem skogeigarar dreiv jordbruk

Sidan 1999 har delen skogeigedomar som samstundes blir drive i kombinasjon med jordbruk, gått ned frå 44 prosent av eigedomane til 38 prosent. Vel 44 500 skogeigedomar hadde jordbruksareal i drift i 2003.

Fleire resultat frå Landbruksundersøkinga 2004 finn du i artikkelen Tre fjerdedelar av skogen økonomisk drivverdig

Tabeller: