133024_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar-forelopige-tall
133024
1 300 færre jordbruksbedrifter
statistikk
2013-11-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1 300 færre jordbruksbedrifter

Førebelse tal for 2013 viser at talet på jordbruksbedrifter gjekk ned 2,8 prosent frå 2012 til 2013, til 43 500 bedrifter. Samla jordbruksareal i drift gjekk ned med knapt 1 prosent til 9,8 millionar dekar.

Strukturen i jordbruket
2013Prosent endring fra
2012 - 20132003 - 2013
Jordbruksbedrifter i alt43 525-2,8-25,3
Enkeltpersonføretak41 148-2,7-26,9
Andre selskapsformer2 377-4,623,6
Jordbruksareal i drift, dekar9 831 719-1,0-5,5
Fulldyrka jord, dekar8 078 492-1,0-7,8
Jordbruksareal per jordbruksbedrift, dekar225,91,926,4
Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag
Ku13 727-3,6-36,7
Sau over 1 år14 329-1,5-28,0
Svin i alt2 236-2,5-45,6
Høner1 9387,1-35,7
Jordbruksbedrifter som dyrkar ymse vekstar
Korn og oljevekstar til mogning11 712-6,5-35,9
Potet2 140-6,6-67,6
Eng til slått og beite33 745-2,3-25,7

I 2013 fordelte jordbruksareal i drift seg på 8,1 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,6 millionar dekar innmarksbeite. Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 226 dekar i 2013, 4 dekar meir enn året før og 79 dekar meir enn i 1999.

Mindre kornareal

Kornarealet gjekk ned 108 000 dekar frå 2012 til 2013, til 2,89 millionar dekar. Det totale kveitearealet gjekk ned med 121 000 dekar. Arealet av bygg auka med 25 000 dekar, til 1,59 millionar dekar, medan havrearealet minka med 7 000 dekar, til 686 000 dekar.

Engarealet endra seg lite frå 2012 til 2013.

Færre storfe

Det totale talet på storfe gjekk ned med 12 000 frå 2012 til 2013. Talet på ammekyr auka, medan talet på mjølkekyr og andre storfe gjekk ned. Gjennomsnittleg buskapsstorleik i 2013 var 24 mjølkekyr, medan gjennomsnittet for ammekyr var 15.

Talet på alssvin var 97 000 i 2013, om lag det same som året før. Gjennomsnittleg buskapsstorleik var 79 for avlssvin og 231 for slaktesvin.

Talet på verpehøner auka med vel 4 prosent til 4,19 millionar i 2013.