192660_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar-forelopige-tall
192660
Meir eng – mindre korn
statistikk
2014-11-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Antall jordbruksbedrifter, størrelse på bedriftene og produksjonsgrunnlag i form av jordbruksareal og husdyr i 2014. Det var mer engareal og mindre kornareal.

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir eng – mindre korn

Førebelse tal for 2014 viser at det fulldyrka engarealet auka med 25 600 dekar frå 2013 til 2014, til 4,78 millionar dekar. Samstundes gjekk kornarealet ned med 21 000 dekar, til 2,87 millionar dekar.

Strukturen i jordbruket
2014Prosent endring fra
2013 - 20142004 - 2014
Jordbruksbedrifter i alt42 876-1,9-22,8
Enkeltpersonføretak40 558-1,9-24,0
Andre selskapsformer2 318-3,28,8
Jordbruksareal i drift, dekar9 859 381-0,1-5,2
Fulldyrka jord, dekar8 103 400-0,1-7,3
Jordbruksareal per jordbruksbedrift, dekar230,01,922,8
Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag
Ku13 308-3,6-36,2
Sau over 1 år14 313-0,5-23,2
Svin i alt2 190-3,5-44,3
Høner2 0103,6-27,4
Jordbruksbedrifter som dyrkar ymse vekstar
Korn og oljevekstar til mogning11 483-2,2-34,9
Potet2 062-3,5-63,7
Eng til slått og beite33 314-1,8-22,4

Fordelt på dei knapt 43 000 aktive jordbruksbedriftene var det samla jordbruksarealet 9,86 millionar dekar i 2014. Det er 12 000 dekar mindre enn året før. I 2014 fordelte jordbruksareal i drift seg på 8,1 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,56 millionar dekar innmarksbeite. Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 230 dekar i 2014, 4 dekar meir enn året før og 83 dekar meir enn i 1999.

Meir kveite – mindre bygg

Det var auke i arealet av kveite, rug, rugkveite og havre, medan arealet av bygg minka. Arealet av bygg gjekk ned med 330 000 dekar frå 2013 til 2014, samstundes som kveitearealet auka med 242 000 dekar. Arealet av rug og rugkveite auka med 30 600 dekar, og havrearealet auka med 29 200 dekar.

Talet på jordbruksbedrifter gjekk ned med 2 prosent frå 2013 til 2014, til 42 900 bedrifter. Det er same prosentvise nedgang som gjennomsnittet for dei siste fem åra.

I 2014 blei 40 600 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, 15,1 prosent av desse var kvinner. Upersonlege brukarar, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 2 300 bedrifter, eller 5,4 prosent av totalen. I 1999 utgjorde upersonlege brukarar 1,1 prosent av totalen.

Færre storfe

Def totale talet på storfe gjekk ned med 14 000 frå 2013 til 2014. Talet på ammekyr auka noko, medan talet på mjølkekyr og andre storfe gjekk ned. Gjennomsnittleg buskapsstorleik i 2014 var 25 for mjølkekyr og 15 for ammekyr.

Frå 2013 til 2014 gjekk talet på sau over eitt år ned med 26 600, til 884 900 sau.

Talet på alssvin var 94 000 i 2014, 2 600 færre enn året før. Gjennomsnittleg buskapsstorleik var 80 for avlssvin og 231 for slaktesvin.

Talet på verpehøner auka med knapt 2 prosent til 4,24 millionar i 2014.