Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i kornarealet
Førebelse tal for 2016 viser at arealet av korn og oljevekstar auka med 24 400 dekar eller 0,9 prosent1 frå 2015 til 2016, til 2,89 millionar i 2016.
2016 | Prosent endring fra | ||
---|---|---|---|
2015 - 2016 | 2006 - 2016 | ||
Jordbruksbedrifter i alt | 41 064 | -2,3 | -19,8 |
Enkeltpersonføretak | 38 976 | -2,0 | -19,5 |
Andre selskapsformer | 2 088 | -7,2 | -25,5 |
Jordbruksareal i drift, dekar | 9 824 526 | -0,4 | -5,0 |
Fulldyrka jord, dekar | 8 071 995 | -0,4 | -6,4 |
Jordbruksareal per jordbruksbedrift, dekar | 239,2 | 1,9 | 18,4 |
Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag | |||
Ku | 12 809 | -1,3 | -32,5 |
Sau over 1 år | 14 636 | 1,3 | -11,5 |
Svin i alt | 2 273 | 0,6 | -27,8 |
Høner | 2 058 | -0,4 | -2,0 |
Jordbruksbedrifter som dyrkar ymse vekstar | |||
Korn og oljevekstar til mogning | 11 173 | -0,8 | -29,4 |
Potet | 1 875 | -4,0 | -55,4 |
Eng til slått og beite | 32 257 | -2,4 | -18,1 |
Sidan 2004 har arealet av korn- og oljevekstar minka kvart år, frå 3,35 millionar dekar i 2004 til 2,86 millionar i 2015. Frå 2015 til 2016 auka arealet av korn og oljevekstar, og utgjorde 2,89 millionar dekar i 2016. Av det totale korn- og oljevekstarealet i 2016 utgjorde bygg 48 prosent, medan havre og kveite utgjorde respektive 26 og 23 prosent. Det var auke i arealet av bygg, havre og oljevekstar frå 2015 til 2016, medan arealet av kveite, rug og rugkveite minka. Arealet av bygg auka med 138 900 dekar, og havrearealet med 127 200 dekar. Kveitearealet gjekk ned med 189 700 dekar, og arealet av rug og rugkveite med 58 700 dekar.
Totalt jordbruksareal i drift gjekk ned med 36 000 dekar eller 0,3 prosent frå 2015 til 2016, til 9, 82 millionar dekar i 2016. Dei siste 10 åra har den gjennomsnittlege nedgangen i jordbruksarealet lege på 0,5 prosent.
Færre jordbruksbedrifter
Talet på jordbruksbedrifter gjekk ned med knapt 2,3 prosent frå 2015 til 2016, til 41 100. Dei ti føregåande åra har gjennomsnittleg nedgang per år vore på 2,1 prosent.
I 2016 blei 39 000 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 15,6 prosent av desse var kvinner. Upersonlege brukarar, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 2 100 bedrifter, eller 5,1 prosent av totalen. I 1999 utgjorde upersonlege brukarar berre 1,1 prosent av totalen.
Samla jordbruksareal i drift på dei knapt 41 100 aktive jordbruksbedriftene var 9,82 millionar dekar i 2016. Jordbruksareal i drift fordelte seg på 8,07 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,56 millionar dekar innmarksbeite. Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 239 dekar i 2016. Det er 4 dekar meir enn året før og 24 dekar meir enn i 2010.
Fleire storfe og sau – færre alssvin
Talet på storfe i alt auka med 18 100 frå 2015 til 2016. Talet på ammekyr auka med 6 700 til 85 500 i 2016, medan talet på mjølkekyr gjekk ned med 2 700 og var 221 600 i 2016. Gjennomsnittleg buskapsstorleik i 2016 var 26 for mjølkekyr og 16 for ammekyr, mot 21 og 13 i 2010.
Frå 2015 til 2016 auka talet på sau over 1 år med 35 900 til 954 200.
Talet på alssvin var 93 000 i 2016, og det er 2 800 færre enn året før. I 2016 var gjennomsnittleg buskapsstorleik for avlssvin 83, mot 67 i 2010.
1 Tallet er rettet.
Tilleggsinformasjon
Jordbruksbedrifter på rutenett (1km, 5km)
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76