Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre gardsbruk
Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på jordbruksbedrifter frå 2005 til 2006 gjekk ned med 3,5 prosent til 51 200, medan gjennomsnittleg storleik på bedriftene auka frå 195 til 202 i den same perioden.
Samla jordbruksareal i drift på dei 51 200 aktive jordbruksbedriftene var 10,24 millionar dekar i 2006, om lag det same som eitt år tidlegare.
I 2006 blei 48 400 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 13,5 prosent av desse var kvinner. I 2005 blei 13,3 prosent av jordbruksbedriftene med personleg brukar drive av kvinner. Upersonleg brukar, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 2 800 einingar, eller 5,5 prosent av totalen. Tilsvarande tal for 2005 var 2 500 eller 4,8 prosent.
Færre bedrifter med mjølkeproduksjon
Jordbruksbedriftene kan klassifiserast etter kva for hovudproduksjon dei driv. Frå 2005 til 2006 har talet på bedrifter med mjølkeproduksjon gått ned med 7 prosent, medan talet på bedrifter med sauehald og kornproduksjon blei redusert med om lag 4 prosent. Dei dominerande drifsformene i norsk jordbruk er mjølkeproduksjon, kornproduksjon og sauehald. Ein fjerdedel av jordbruksbedriftene har mjølk som hovudproduksjon, medan kornproduksjon og sauehald kvar for seg er hovudproduksjon på 18 prosent av bedriftene.
Jordbruksbedrifter fordelt etter selskapsform. 2002-2006 |
Jordbruksbedrifter i alt | Etter selskapsform | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Enkeltpersonforetak | Foretak med delt ansvar | øvrige foretak | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2002 | 61 890 | 97,0 | 2,5 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2003 | 58 231 | 96,7 | 2,9 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2004 | 55 507 | 96,2 | 3,4 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2005 | 53 003 | 95,2 | 4,3 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
2006 | 51 199 | 94,0 | 5,1 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tabeller:
- Tabell 1 Jordbruksbedrifter i alt og jordbruksbedrifter etter brukartype
- Tabell 2 Personlege brukarar etter alder. Prosent. Gjennomsnittsalder
- Tabell 3 Jordbruksbedrifter etter storleiken på jordbruksareal i drift og fylke
- Tabell 4 Jordbruksareal per jordbruksbedrift, etter fylke. 1979, 1989, 1999-2006*. Dekar
- Tabell 5 Dyretal per jordbruksbedrift, etter fylke og bruksstorleik
- Tabell 6 Jordbruksbedrifter etter driftsform. 2000-2006*
- Tabell 7 Jordbruksbedrifter. 1990-2005
Tilleggsinformasjon
Jordbruksbedrifter på rutenett (1km, 5km)
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76