9501_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/arkiv
9501
24 000 færre jordbruksbedrifter sidan 1999
statistikk
2010-12-15T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

24 000 færre jordbruksbedrifter sidan 1999

Førebelse tal frå Landbruksteljing 2010 syner at talet på jordbruksbedrifter er redusert med 35 prosent sidan førre fullstendige teljing i 1999. Det samla jordbruksarealet i drift har i same perioden gått ned med 3 prosent til 10,1 millionar dekar.

Jordbruksbedrifter. 1979, 1989, 1999 og 2010*

Talet på jordbruksbedrifter, eller gardsbruk, har blitt redusert frå drygt 70 700 i 1999 til 46 300 i 2010. Det vil seie at kvart tredje gardsbruk har blitt lagt ned i denne perioden.

I 2010 blei 43 500 av gardsbruka drivne av personlege brukarar, og 14,4 prosent av desse personane var kvinner. I 1999 stod kvinnene derimot for drifta ved 12,9 prosent av slike gardsbruk. I 2010 blei 2 800 bedrifter, eller 6,1 prosent av totalen, drivne av upersonlege brukarar, mot berre 1,1 prosent i 1999.

Meir eng og mindre åker

I 2010 fordelte jordbruksarealet i drift seg på 8,3 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,6 millionar dekar innmarksbeite.

Sidan 1999 har det totale jordbruksarealet i drift gått ned med 3 prosent. I same perioden har åkerarealet blitt redusert med 11 prosent, medan engarealet har auka med 2 prosent. Det er engarealet som ikkje er fulldyrka, som har auka, og særleg innmarksbeitene. Frå 1999 til 2010 auka arealet av innmarksbeite med knapt 250 000 dekar til 1,55 millionar dekar, medan arealet av fulldyrka eng gjekk ned med vel 100 000 dekar til 4,76 millionar dekar.

Jordbruksareal per jordbruksbedrift. 1979, 1989, 1999 og 2010*. Dekar

Dyretal per jordbruksbedrift. 1999 og 2010*

Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 217,5 dekar i 2010. Dette er om lag 70 dekar meir enn i 1999. Sidan 1979 har jordbruksarealet per gardsbruk blitt nær tredobla.

Fleire dyr per bedrift

Sidan 1999 har talet på mjølkekyr gått ned med over 30 prosent til 238 000. Talet på ammekyr er derimot nesten dobla på elleve år, og nådde 70 000 i 2010. Gjennomsnittleg buskapsstorleik auka i same perioden frå 14 til 21 for mjølkekyr og frå 7 til 14 for ammekyr.

Talet på alssvin var knapt 98 000 i 2010, og har endra seg lite på elleve år. I same perioden har buskapsstorleiken auka frå 27 til 66. For slaktesvin har det vore ein auke i buskapsstorleiken frå 72 til 210, og talet på slaktesvin har auka med 18 prosent til 752 900 i 2010.

I 2010 var det 36 000 færre sauer over eitt år enn i 1999, medan buskapsstorleiken har auka med nesten 50 prosent i same perioden. Eit gjennomsnittleg sauebruk hadde 63 sauer i 2010, mot 42 dyr i 1999.

Reduksjon i talet på jordbruksbedrifter frå 1999 til 2010*, etter kommune. Prosent

Reduksjon i fulldyrka jordbruksareal i drift frå 1999 til 2010*, etter fylke. Prosent

Sidan 1999 har talet på verpehøner auka med vel 20 prosent til 3,9 millionar. Gjennomsnittleg buskapsstorleik har blitt nær tredobla, frå 780 til 2 100.

Fleire tal

Fleire resultat frå Landbruksteljing 2010 finn du på denne adressa: http://www.ssb.no/landt/

Tabeller: