Auken i museumsbesøka held fram

Publisert:

Både i 2015 og 2016 blei det registrert over 11 millionar besøk i dei norske musea. Auken det siste året var på 4 prosent.

Med andre ord var det meir enn 400 000 fleire museumsbesøk i 2016 enn året før. Besøkstala har auka nær kvart år sidan 2007.

Museumsbesøk

Med besøk meiner ein besøk av ein person som oppsøkjer museet for å sjå på og bruke museets utstillingar og formidlingstenester. Besøk på friluftsmuseum er besøk av personer som oppsøker museets område i opningstida for bruk av museets formidling på området. Besøk av personer som oppheld seg i museets lokale og friluftsområde i forbindelse med arrangement som ikkje aktivt knytast til museets formidling og verksemd, skal ikkje reknast med. For utstillingar i andre lokale enn museets eigne, reknast besøk av personar dersom det primære formål er å aktivt oppsøke utstillinga til museet. Dei som vitjar museets stand på ei messe, skal ikkje reknast med. Personar som berre passerar gjenstandar/fotografi i eit offentleg lokale utan å oppsøkje utstillinga skal heller ikkje reknast med. Virtuelle besøk (internettutstillingar og liknande) reknast ikkje med.

Deltakarar i pedagogisk verksemd skal også være inkludert i besøkstala.

Dersom museet ikkje skil mellom barn og vaksne, enkeltbesøk og gruppebesøk ved teljing, skal besøkstalet registrerast som Enkeltbesøk vaksne.

Tala er korrigerte for fem museum som ikkje lenger er definerte som museum. I 2016 blei fem einingar tekne ut av museumspopulasjonen fordi verksemda deira ikkje lenger reknast å liggje innanfor det som er museumsdrift, i hovudsak fordi dei ikkje har eigne samlingar.

Mindre grupper, meir enkeltbillettar

Enkeltbesøk utgjer stadig større del av museumsbesøka. I 2016 utgjorde enkeltbesøka 79 prosent av alle dei 11,2 millionar museumsbesøka, mot 73 prosent i 2007. Halvparten av museumsbesøka var betalte besøk i 2016. I 2007 var delen som betalte inngangspengar, større: 53 prosent.

Figur 1. Besøk i norske museum

2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Besøk i alt¹ 9060639 9330587 10193903 10195986 10183842 10548193 10573670 10665595 10944898 10861966 11315283 11217246
Enkeltbesøk 6343510 6786383 7409121 7552901 7632755 8070117 7924641 7990023 8207155 8277826 8877709 8884042
Gruppebesøk 2717129 2544204 2784782 2643085 2551087 2478076 2649029 2675572 2737743 2584140 2437574 2333204

Kvart sjette museumsbesøk i Sør-Trøndelag eller Hordaland

Med 4,7 millionar besøk stod Oslo-musea for 42 prosent av alle museumsbesøka her til lands. Musea i Sør-Trøndelag hadde 8 prosent av alle museumsbesøka, medan musea i Hordaland stod for 7 prosent. Den miste delen av museumsbesøka stod museumspublikumet i Aust-Agder for.

Samlingane viser nedgang

Museumssamlingane består av ulike type gjenstandar eller objekt. Storleiken på samlingane var på 55 millionar gjenstandar eller objekt i 2016. Det totale talet viser dermed ein nedgang på nær 1 prosent i høve til året før. Framleis er det samlinga av arkeologiske gjenstandar som aukar mest med 4 prosent og utgjer 7 millionar i 2016. Dei arkeologiske gjenstandane utgjer 13 prosent av dei totale samlingane.

Figur 2

Figur 2. Samlingane i norske museum 2016

Konsolideringa gir færre museumseiningar

I alt 107 einingar er grunnlaget for museumsstatistikken 2016. Dei har alle heldt ope i året dei rapporterer om, og har hatt minst eit fast årsverk på museet.

Kontakt