Fleire medlemmar i trus- og livssynssamfunn
Publisert:
Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, hadde 622 000 medlemmer per 1. januar 2016. Dette utgjer 12 prosent av befolkninga.
- Tallene er hentet fra
- Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
- Artikkelen er en del av serien
- Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja (arkiv)
11,9 prosent var medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja per 1. januar 2016. Dette er ein auke frå 2015 då tilsvarande tal var på 10,8 prosent.
Flest medlemmer i kristne trussamfunn
Av alle trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest medlemmer: 349 000 personar. Desse utgjorde 56 prosent av alle medlemmer utanfor Den norske kyrkja per 1. januar 2016. Av dei kristne samfunn er det særleg Den romersk-katolske kyrkja i Noreg som har hatt ein auke. I tilhøve til 2015 er det 49 000 fleire medlemmar, ein auke på 51 prosent.
Islamske trussamfunn held fram å vekse
Islamske trussamfunn representerer den nest største religionen i Noreg, målt i talet på medlemmer. 23,8 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er medlemmer i islamske trussamfunn. Dette utgjer 2,8 prosent av befolkninga. Per 1. januar 2016 var det 148 000 muslimar som er medlemmer i eit islamsk samfunn i Noreg. Dette inneber ein auke på 7 200 medlemmar, eller 5,1 prosent, frå 2015.
Medlemstalet i nokre av dei andre religionane har halde seg på om lag same nivået gjennom fleire år: buddhisme utgjorde 3 prosent, medan livssynssamfunn og annan religion stod for høvesvis 14,4 og 2,6 prosent av medlemstala i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja.
Svak auke for humanetikarane
Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund var 86 900 per 1. januar 2016. Det er ein auke på 1 200 medlemmer frå året før. Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 2 800 medlemmer, som òg representerer ein svak auke i medlemsmassen.
Geografisk skilnad
Talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja fordeler seg ulikt mellom fylka. Størst var Oslo der 22,3 prosent, eller 146 500 personer, av befolkninga var medlem i eit trus- eller livssynssamfunn. Lågast var Sogn- og Fjordane med under 1 prosent av befolkninga.
I Oslo var 9,1 prosent medlem i eit islamsk trussamfunn, 8,8 prosent medlem i eit kristent samfunn utanfor Den norske kyrkja og 2,8 prosent medlem i eit livssynssamfunn.
Kontakt
-
Øyvind Bolsgård
-
Liv Taule
-
SSBs informasjonstjeneste