Kulturstatistikk 2009
Fleire på konsert, færre i teater
Publisert:
Nøkkeltal frå institusjonsorkestra viser 433 000 konsertpublikumarar i 2009, ein auke på 11 prosent. Teater- og danseframsyningar hadde 2,3 millionar besøk i 2009, ein nedgang på nesten 6 prosent.
Dette går fram av publikasjonen Kulturstatistikk 2009 .
Etter fleire år med jamn auke i talet på besøk i institusjonsteatra og frie grupper innanfor dans og teater, er det registrert ein nedgang med til saman 150 000 besøk siste året. Mesteparten av nedgangen i besøket kjem av færre besøk blant barn og unge. Sjølv om det er registrert fleire besøk på konsertane til medlemmene i Norsk teater- og orkesterforening i 2009, ser vi ein nedgang i tilhøyrartalet blant barn og ungdom her òg.
Fleire kinobesøk i 2009
Nøkkeltala for kinoåret 2009 syner at det blei eit godt kinoår, med 12,7 millionar kinobesøk. Dette var 800 000, eller drygt 7 prosent, fleire besøk enn i 2008. Dette er andre året med auke i kinobesøket. Over 2,6 millionar, eller 20,6 prosent, av kinobesøka var på norske filmar. 22 av dei totalt 223 langfilmpremierane ved kinoane i Noreg var norske.
Stabilt museums- og bibliotekbesøk
Museumsbesøka i 2009 held seg på same nivå som dei to føregåande åra, med litt over 10 millionar besøk. Besøkstala representerer om lag 2,1 museumsbesøk per innbyggjar. Oslo-musea står for to femdelar av alle museumsbesøka. Om lag 3 000 ulike utstillingar blei presenterte, og dei norske musea forvaltar nær 4 900 kulturhistoriske bygningar. Musea forvaltar nær 43 millionar objekt.
Besøkstala i folkebiblioteka held seg òg stabile, med mellom 4,6 og 4,7 besøk i gjennomsnitt dei siste tre åra. Også dei totale utlånstala for bøker og anna materiale ligg på same nivå som førre året, med 5,2 utlån per innbyggjar.
Kulturnæringane veks
I 2009 var det nær 34 000 føretak innan kulturnæringane, og til saman 120 000 sysselsette. Desse kulturnæringane er definerte etter den nye versjonen av Standard for næringsgruppering (SN2007). Samanlikna med 2008 er det 3 700 fleire føretak og 1 100 fleire sysselsette. Det er flest føretak innafor næringa ”kunstnarisk verksemd og underhaldingsverksemd”, med drygt 9 000 føretak, og desse næringane sysselset om lag 13 000 personar.
Kulturdepartementet sine rekneskapstal viser at det vart løyvd 7,5 milliardar kroner til ulike kulturformål i 2009. Det er ein auke på 15 prosent siste året. Både fylkeskommunane og kommunane sine rekneskapar syner auke i utgiftene til kultur i 2009. Totalt gjekk det respektive 1 milliard og 7,7 milliardar kroner frå fylkeskommunar og kommunar til kulturformål. Delen brukt til kultur i forhold til totale utgifter har halde seg stabil. Forbruksundersøkinga 2007-2009 syner at utgiftene til kultur og fritid framleis er den tredje største utgifta i dei norske hushalda, med 12 prosent, eller 47 000 kroner, i årleg forbruk.
I Kulturstatistikk 2009 kan du lese meir om teater, musikk og annan norsk kultur. Les heile Kulturstatistikken .
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste