Statistiske analyser 156

Kulturstatistikk 2016

I denne publikasjonen presenterer vi oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur.

Formålet med publikasjonen er å beskrive og gje ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg. Dette er nokre hovudresultat for 2016 innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2016 var 13,1 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på over 1,48 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 11,3 milliardar kroner.

Sysselsetting og føretak i kulturnæring

2,6 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturell og kreativ næring. Desse jobbane er geografisk ujamt fordelte. Over halvparten er samla i dei største byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo er klart størst med 41 prosent av alle sysselsette i kulturell og kreativ næring.

Kulturelle tiltak og vederlag

I 2016 vart det løyva 885,3 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kultur¬føremål. Musikkføremål var det største hovudområdet under kulturfondet og utgjorde 40 prosent. Statens kunstnarstipend delte ut 1 822 stipend i 2016, 8 fleire enn året før. Biletkunstnarar var den desidert største gruppa og tok imot 551 stipend.

Scenekunst, musikk og festivalar

I 2016 var det til saman 1,9 millionar tilskodarar ved teater og opera. Dette var ein reduksjon på nesten 2 prosent frå året før. Ved dei frie danse- og teatergruppene var det 844 000 besøk dette året.

Museum

Samlingane i norske museum består av ulike typar gjenstandar og fotografi og er ein viktig dokumentasjon av den norske kulturarven. Storleiken på samlingane var på 55 millionar gjenstandar og fotografi i 2016. Dette året var det totalt 11,2 millionar besøk i musea i Noreg. Det utgjer ein auke på over 400 000 besøk sidan 2015.

Bibliotek

Det vart lånt ut 22,2 millionar bøker og andre medium frå folkebiblioteka. Det er ein nedgang på 539 000 utlån frå året før. Av det samla utlånet i 2016 var 16,8 millionar utlån av bøker, om lag på same nivå som i 2015. Totalt utlån av bøker utgjorde i gjennomsnitt 3,2 bøker per innbyggjar i 2016.

Aviser

Stadig fleire les aviser digitalt og i 2016 las 56 prosent av befolkninga nettavis ein gjennomsnittsdag, medan 39 prosent les papiraviser. Avislesing på mobil har auka med 13 prosent dei to siste åra. Ved utgangen av 2016 kom det ut 227 aviser i Noreg, og 200 av desse hadde eit digitalt opplagstal.

Film og kino

I alt var det 13,1 millionar besøk på kino i 2016. Det er ein auke i kinobesøket mot førre året da det var om lag 12 millionar besøkande på norske kinoar. Besøkstalet svarar til 2,5 kinobesøk per innbyggjar. Bygde¬kinoane hadde også aukande besøkstal, som hadde vel 154 000 besøk same året, om lag 31 300 fleire enn i 2015.

Lyd og bilete

Radiolyttinga har halde seg overraskande stabil på lang sikt. I 2016 høyrde 59 prosent av befolkninga på radio ein gjennomsnittsdag, og dette er omtrent på same nivå som på byrjinga av 2000-talet. I den same perioden har vanleg lineær tv-sjåing derimot hatt ein nedgang frå 85 prosent på byrjinga av 2000-talet til 67 prosent på ein gjennomsnittsdag i 2016.

Idrett

Ved utgangen av 2016 var det nær 1,9 millionar ordinære i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Talet på ordinære idrettslag har gått noko ned det siste året og talde 7 736 lag ved utgangen av 2016. I alt var det 56 000 eksisterande idrettsanlegg i drift i 2016. Det er ein auke på 500 anlegg det siste året.

 

Om publikasjonen

Tittel

Kulturstatistikk 2016

Serie og -nummer

Statistiske analyser 156

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Kulturdepartementet

Emne

Kultur

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9641-3

ISBN (trykt)

978-82-537-9640-6

ISSN

0804-3321

Om Statistiske analyser

Statistiske analyser formidler statistikk til en bred leserkrets. Du skal kunne forstå det meste av innholdet uten å ha spesialkunnskaper om statistikk og metode. Her publiseres analyser av statistikk om et allment tilgjengelig og gjerne populært emne.

Kontakt