Statistiske analyser 160

Kulturstatistikk 2017

Denne publikasjonen presenterer oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Føremålet med publikasjonen er å skildre og gje ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.

Dette er nokre hovudresultat for 2017 innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2017 var 13,7 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på om lag 1,45 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 12,2 milliardar kroner.

Sysselsetjing og føretak i kulturnæring

2,9 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturell og kreativ næring. Fylka som omfattar dei største byane, det vil seie Oslo, Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag, sysselset til saman 69 prosent av totalen. Oslo er klart størst med 41 prosent av alle sysselsette i kulturell og kreativ næring.

Kulturelle tiltak og vederlag

I 2017 vart det løyva 899,0 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kultur-føremål. Musikkføremål var det største hovudområdet under kulturfondet og utgjorde 40 prosent. Statens kunstnarstipend delte ut 1 798 stipend i 2017, 24 færre i høve til året før. Biletkunstnarar var den desidert største gruppa og tok imot 532 stipend.

Musikk og scenekunst

I 2017 gav musikkinstitusjonane nær 1 400 konsertar for til saman 612 600 tilhøyrarar. Ved teater og opera var det til saman 2,1 millionar tilskodarar. Dette var ein auke på 8 prosent i høve til året før.

Museum

Samlingane i norske museum inneheldt ulike typar gjenstandar og fotografi og er ein viktig dokumentasjon av den norske kulturarven. Storleiken på samlingane var på 56,5 mil¬lionar gjenstandar og fotografi i 2017. Dette året var det totalt 11,2 millionar besøk i musea i Noreg.

Bibliotek

Det vart lånt ut 11,9 millionar bøker frå folkebiblioteka i 2017. Utlån av bøker utgjorde i gjennomsnitt 2,2 bøker per innbyggjar i 2017. Nedlastingar av e-bøker auka med

13 prosent frå 2016 og låg på 642 000.

Aviser

Stadig fleire les aviser digitalt og i 2017 las 52 prosent av befolkninga nettavis ein gjennomsnittsdag, medan 32 prosent las papiraviser. Ved utgangen av 2017 kom det ut 223 aviser i Noreg, og 202 av desse hadde eit digitalt opplagstal.

Film og kino

I alt var det 11,8 millionar besøk på kino i 2017. Det er ein nedgang i kinobesøket mot førre året da det var om lag 13 millionar besøkande på norske kinoar. Besøkstalet svarar til 2,2 kinobesøk per innbyggjar. Bygde¬kinoane hadde òg lågare besøkstal, med vel 123 000 besøk dette året, om lag 31 300 færre enn i 2016.

Lyd og bilete

I 2017 høyrde 54 prosent av befolkninga på radio ein gjennomsnittsdag, og dette er 5 prosentpoeng mindre i høve til 2016. Vanleg lineær tv-sjåing på ein gjennomsnittsdag har hatt ein nedgang frå 80 prosent i 2008 til 62 prosent i 2018.

Idrett

Ved utgangen av 2017 var det drygt 1,9 millionar ordinære medlemskapar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Talet på ordinære idrettslag har gått noko ned frå året før og talde 7 641 lag ved utgangen av 2017. I alt var det 56 151 eksisterande idrettsanlegg i drift i 2017. Det er ein auke på 118 anlegg det siste året.

Om publikasjonen

Tittel

Kulturstatistikk 2017

Ansvarlig

Beate Bartsch (red.)

Serie og -nummer

Statistiske analyser 160

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Kulturdepartementet

Emne

Kultur

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9849-3

ISBN (trykt)

978-82-537-9848-6

ISSN

0804-3221

Om Statistiske analyser

Statistiske analyser formidler statistikk til en bred leserkrets. Du skal kunne forstå det meste av innholdet uten å ha spesialkunnskaper om statistikk og metode. Her publiseres analyser av statistikk om et allment tilgjengelig og gjerne populært emne.

Kontakt

Faktaside