Statistiske analyser 163

Kulturstatistikk 2018

Denne publikasjonen presenterer oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Føremålet med publikasjonen er å skildre og gje ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.

Dette er nokre hovudresultat for 2018 innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2018 var

14 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på 1,6 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 12,9 milliardar kroner.

Sysselsetjing og føretak i kulturnæring

3 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturell og kreativ næring. Fylka som omfattar dei største byane, det vil seie Oslo, Rogaland, Hordaland og Trøndelag, sysselset til saman 63 prosent av totalen. Oslo er klart størst med 41 prosent av alle sysselsette i kulturell og kreativ næring.

Kulturelle tiltak og vederlag

I 2018 vart det løyvd 949 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kultur¬føremål. Musikkføremål var det største hovudområdet under kulturfondet og utgjorde 40 prosent. Statens kunstnarstipend delte ut 1 761 stipend i 2018, 37 færre enn året før. Biletkunstnarar var den desidert største gruppa og tok imot 541 stipend.

Musikk og scenekunst

I 2018 gav musikkinstitusjonane over 1 300 konsertar for til saman 639 000 tilhøyrarar.

Ved teater og opera var det til saman 2,2 millionar tilskodarar. Dette var ein auke på 5 prosent samanlikna med året før.

Museum

I 2018 var storleiken på samlingane i norske museum på 57,4 millionar objekt og fotografi. Samla vart det registrert 10,9 millionar besøk i musea i Noreg.

Bibliotek

Det vart lånt ut 11,9 millionar bøker frå folkebiblioteka i 2018. Utlån av bøker utgjorde i gjennomsnitt 2,2 bøker per innbyggjar. I 2018 var det om lag 60 000 arrangement i folkebiblioteka som er ein auke på nær 10 000 frå året før.

Film og kino

Samla var det 12,1 millionar besøk på kino i 2018. Det var ein oppgang i kinobesøket mot førre året då det var 11,8 millionar besøkande på norske kinoar. Besøkstalet svarar til 2,3 kinobesøk per innbyggjar. Bygde¬kinoane hadde òg høgare besøkstal, med vel 133 000 besøk dette året, over 10 000 fleire enn i 2017.

Lyd og bilete

I 2018 høyrde 50 prosent av befolkninga på radio ein gjennomsnittsdag, og dette er 14 prosentpoeng mindre samanlikna med 2017. Vanleg lineær TV-sjåing på ein gjennomsnittsdag har hatt ein nedgang frå 80 prosent i 2008 til 60 prosent i 2018.

Idrett

Ved utgangen av 2018 var det drygt 1,9 millionar ordinære medlemskapar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Talet på ordinære idrettslag har gått opp frå året før og talde over 8 000 lag ved utgangen av 2018. I alt var det nærare 57 000 idrettsanlegg i drift i 2018.

Born og unge

I 2018 var 13 prosent av alle born mellom 6 og 15 år elevar på kommunale kulturskular. I samband med Den kulturelle skulesekken var det i grunnskulen nærare 47 000 einskildarrangement og i den vidaregåande skulen over 3 400 einskildarrangement i 2018.

Om publikasjonen

Tittel

Kulturstatistikk 2018

Ansvarlig

Beate Bartsch

Serie og -nummer

Statistiske analyser 163

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Kulturdepartementet

Emne

Kultur

ISBN (elektronisk)

978-82-587-1029-2

ISBN (trykt)

978-82-587-1028-56

ISSN

804-3221

Antall sider

125

Om Statistiske analyser

Statistiske analyser formidler statistikk til en bred leserkrets. Du skal kunne forstå det meste av innholdet uten å ha spesialkunnskaper om statistikk og metode. Her publiseres analyser av statistikk om et allment tilgjengelig og gjerne populært emne.

Kontakt

Faktaside