Meir til kultur
Publisert:
Norske kommunar brukte i gjennomsnitt 3,9 prosent av dei samla netto driftsutgiftene til kulturføremål i 2016. Dette utgjer ein auke på over 100 kroner per innbyggjar frå 2015.
- Tallene er hentet fra
- Kulturtilbod
- Artikkelen er en del av serien
- Kulturtilbod (arkiv)
Etter fleire år med mellom 3,7 og 3,8 prosent av totale netto driftsutgifter til kulturføremål i kommunane, syner tala for 2016 ein auke i kulturprioriteringa. Totalt gjekk 11,3 milliardar kroner i netto driftsutgifter til kulturføremål. For første gang på fleire år viser dermed KOSTRA-tala til kulturføremål auke, óg i kronebeløp per innbyggjar. Kommunane brukte 2 148 kroner per innbyggjar til kultur i 2016 mot 2 036 kroner i 2015. Sjølv om det er auke i delen til kulturføremål siste året, ser ein at før 2011 var delen godt over 4 prosent
Figur 1. Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbygger i kroner, konsern
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | |
Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbygger i kroner, konsern | 1447 | 1554 | 1585 | 1733 | 1791 | 1859 | 1921 | 2009 | 2036 | 2148 |
Nedgang i fylkeskommunane
I fylkeskommunane er det derimot ein svak nedgang i pengebruken til kultur. 1,5 prosent av netto driftsutgifter i fylkeskommunane gjekk til kulturføremål i 2016, mot 1,6 prosent året før. Dette utgjer 282 kroner per innbyggjar, ein nedgang på 6 kroner siste året. Totalt gjekk i underkant av 1,5 milliardar kroner i netto driftsutgifter til kultur i fylkeskommunane.
Figur 2. Netto driftsutgifter i alt til kultursektoren per innbygger i kroner, fylkeskommunekonsern
Netto driftsugifter | |
2007 | 199 |
2008 | 203 |
2009 | 210 |
2010 | 229 |
2011 | 244 |
2012 | 249 |
2013 | 260 |
2014 | 307 |
2015 | 288 |
2016 | 282 |
Kontakt
-
Liv Taule
-
SSBs informasjonstjeneste