Mindre i løyvingar til musea
Publisert:
Endret:
Etter mange år med auke i inntekter og utgifter til musea har utviklinga no endra seg. Frå 2016 til 2017 minka både inntektene og løyvingane monaleg.
- Tala er henta frå
- Museum og samlingar
- Artikkelen er del av serien
- Museum og samlingar (arkiv)
Etter frigiving av tala i statistikk for museum og samlinger har SSB vorte gjord oppmerksomme på ein underrapportering av offentlige løyvingar for Hordaland. Kvalitetssikring pågår i samarbeid med Kulturrådet.
I nye tal frå statistikken for museum og samlingar kjem det fram det som kan sjå ut til å vera ein nedgåande trend i inntekt til dei norske musea. I 2017 gjekk talet på inntekt og løyvingar ned med høvesvis 2 og 9 prosent, sjølv om utgiftene held fram med å auke frå 2016 til 2017, med nær 4 prosent.
Figur 1. Inntekter og utgifter til dei norske musea
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | |
Inntekter | 3227 | 3525 | 3733 | 3984 | 4003 | 4184 | 4420 | 4785 | 4913 | 4780 |
Utgifter | 3161 | 3421 | 3661 | 3667 | 3949 | 4072 | 4343 | 4623 | 4779 | 4966 |
Løyvingar | 2224 | 2515 | 2599 | 2771 | 2861 | 3034 | 3136 | 3381 | 3570 | 3246 |
Frå 2008 til 2014 låg både inntekter, løyvingar og utgifter på ein tilnærma jamt stigande kurve. I åra 2013 og 2014 auka musea sine inntekter, utgifter og løyvingar med høvesvis 6, 7 og 3 prosent, ein utvikling relativt representativ for auka i tidlegare år.
I 2015 gjorde summen av løyvingar til dei norske musea eit byks og auka med heile 8 prosent frå året før. Den same auken finn vi for inntektene til musea. Auken i inntekter og løyvingar held fram i 2016, men vart noko lågare. Frå 2017 var nedgangen i løyvingar tydeleg med heile 9 prosent frå året før. Samstundes var det ein nedgang i inntekter på 2 prosent. Utgiftene til dei norske musea har helde fram med ein jamn auke, sjølv om han har minka noko dei to siste åra.
Færre kulturhistoriske bygningar opne for publikum
Utan at vi veit om det er nokon samanheng kan vi og sjå at talet på kulturhistoriske bygningar som har vore opne for publikum, har gått ned – sjølv om det samla talet på kulturhistoriske bygningar i musea sine eige har helde seg stabilt. Frå 2015 til 2017 har det vore ein nedgang på heile 11 prosent i talet på opne kulturhistorisk bygningar. I 2017 var det totalt 2 519 opne bygningar, ein liten auke på 3 prosent frå 2016.
Figur 2. Tal på opne kulturhistoriske bygningar
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | |
Kulturhistoriske bygningar | 4782 | 4866 | 4974 | 4982 | 5019 | 4926 | 4915 | 4940 | 5014 | 4996 |
Opne kulturhistoriske bygningar | 2918 | 2970 | 2862 | 2925 | 2877 | 2855 | 2824 | 2829 | 2443 | 2519 |
Talet på årsverk ved musea minkar sakte
Samstundes med at både inntekta har gått ned og utgiftene held fram med å vekse, samt at talet på kulturhistoriske bygningar opne for publikum og har gått ned, minkar det samla talet på årsverk ved musea. Frå toppåret i 2015 med 4 213 årsverk, var det samla talet på årsverk i 2017 på 4 143, ein nedgang på 2 prosent.
Figur 3. Årsverk ved museum og samlingar i alt
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | |
Årsverk i alt | 3842 | 3841 | 3933 | 3978 | 3973 | 4065 | 4053 | 4213 | 4151 | 4143 |
Kontakt
-
Hilde Sofie Frydenberg
-
Beate Bartsch
-
Elin Såheim Bjørkli
-
SSBs informasjonstjeneste