Nær 9 millionar enkeltbesøk ved norske museum
Publisert:
I 2018 hadde dei norske musea samla sett meir enn 8,7 millionar enkeltbesøk og nær 2,2 millionar gruppebesøk i løpet av året.
- Tallene er hentet fra
- Museum og samlingar
- Artikkelen er en del av serien
- Museum og samlingar (arkiv)
I statistikk for museum og samlingar var det i 2018 nær 2 500 utstillingar tilgjengelege for besøkjande. Av desse var 190 eigenproduserte utstillingar.
Kulturhistoriske bygningar
Fleire museum eiger kulturhistoriske bygningar og i 2018 var talet på kulturhistoriske bygningar i museas eige 5 030. Av dei var 2500 bygningar, eller om lag halvparten, opne for publikum.
Gjenstand og objekt i samlingane
Statistikken for 2018 viser at dei norske musea til saman forvaltar meir enn 57 millionar gjenstandar og objekt. I vår statistikk er gjenstandar og objekt delte inn i fem ulike kategoriar; kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, fotografiar og arkeologiske.
I samlingane til dei norske musea består den største delen av fotografiar, mens dei kunsthistoriske samlingane utgjer den lågaste delen av gjenstandar og objekt.
Figur 1. Fordelinga av type gjenstandar og objekt i samlingane til de norske musea 2018
Gjenstand/objekt | |
Fotografier 61 % | 35209179 |
Kunsthistoriske 1 % | 800216 |
Kulturhistoriske 6 % | 3615018 |
Arkeologiske 14 % | 7719130 |
Naturhistoriske 18 % | 10098701 |
Nokre museum har ansvaret for berre ein av desse kategoriane, men dei fleste musea forvaltar større og mindre samlingar av fleire kategoriar gjenstandar og objekt.
Faktaside
Kontakt
-
Hilde Sofie Frydenberg
-
Elisabeth Haraldsrud
-
SSBs informasjonstjeneste