9801_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/kultur/aar
9801
Teater og opera fekk mest
statistikk
2000-12-12T10:00:00.000Z
Kultur og fritid
no
kultur, Kulturstatistikk, driftsutgifter, kulturbygg, fritidssenter, musikk- og kulturskolar, barne- og ungdomsforeiningar, folkebibliotek, kinoar.Kultur, Kultur og fritid
true

Kulturstatistikk1999

Innhald

Publisert:

Teater og opera fekk mest

Drygt 0,5 prosent av dei statlege utgiftene blei løyvd til kulturformål over Kulturdepartementets budsjett. Teater og opera fekk den største delen av "kulturkaka" i 1999, med om lag 20 prosent av dei totale utgiftene til kulturformål, til saman 718 millionar kroner.

Kulturdepartementet løyvde 3 518 millioner kroner til kulturformål i 1999. Dette er om lag 0,6 prosent av dei statlege utgiftene. Dei største delane gjekk til teater og opera (20 prosent), film og media (15 prosent) og musikkformål (12 prosent). Totalt sett auka dei offentlege utgiftene til kulturformål med 8 prosent i forhold til året før. Det var ein del endringar i fordelinga av løyvingane samanlikna med året før.

 Utgifter til kulturformål over Kulturdepartementets budsjett 1999. Rekneskapstal 1999. Løyvingar. Prosent

Utgifter til kulturformål over
Kulturdepartementets budsjett.
Rekneskapstal 1999. Løyvingar.
Millionar kroner
    Prosent
Total 3 517,7 100,0
Allmenne kulturformål                       217,1 6,2
Kulturbygg 100,2 2,8
Norsk kulturråd 179,6 5,1
Kunstnarstipend 233,4 6,6
Biletkunst mv. 199,1 5,7
Musikkformål 422,7 12,0
Teater og opera 717,6 20,4
Film og media 529,8 15,1
Bibliotekformål 308,1 8,8
Museumsformål 370,1 10,5
Arkivformål 151,1 4,3
Andre kulturformål 88,7 2,5

Endra prioritering

Potten til kunstnarstipend vart auka med 50 prosent i forhold til året før. Løyvingane til allmenne kulturformål og kulturbygg vart fordobla i 1999, men utgjorde likevel berre kvar for seg 6 og 3 prosent av utgiftene til kulturformål. Den største nedgangen i løyvingane har vore for biletkunst og film og kino, som blei reduserte med 17 og 44 millionar kroner. Medan om lag 10 millionar kroner gjekk til idrettsformål i 1998, blei det ikkje løyvd noko direkte til kommunane til idrettsformål i 1999.

Kommunale utgifter til kulturformål

Kommunane brukte til saman 4 470 millionar kroner av netto driftsutgifter til kulturformål i 1999. Sjølv om det ikkje blei løyvd noko til idrettsformål direkte til kommunane over Kulturdepartementet sitt budsjett, prioriterte kommunane mest pengar til idretten. Utgiftene til idrett, friluftsliv og andre mosjonsaktivitetar utgjorde høgast del av netto driftsutgifter, med 31 prosent eller 1 414 millionar kroner. Utgiftene til vaksenopplæringstiltak utanom skoleverket har vorte meir enn halverte i forhold til i fjor. Denne posten utgjorde under 4 millionar kroner. I fylkeskommunane gjekk det meste av kulturmidlane til kulturvern, museumsformål og kunst- og kunstformidling.

Av brutto driftsutgifter til kulturformål brukte "mindre sentrale tenesteytingskommunar" mest per innbyggjar, 1 616 kroner. "Blanda landbruks- og industrikommunar" brukte 1 017 kroner per innbyggjar. Til samanlikning var dei fylkeskommunale driftsutgiftene (alle fylka utanom Oslo) til kultur på 309 kroner per innbyggjar. Dette var ein auke på 19 kroner frå siste år.

Om talgrunnlaget

Tala byggjer på Kulturdepartementets rekneskap for 1999 og Kommunerekneskapsstatistikk, kommunar, 1999. Opplysningane byggjer på endelege rekneskapstal som Statistisk sentralbyrå hentar inn frå alle kommunane.

Tabeller: