Innhald
Publisert:
Teater og opera fekk mest
Drygt 0,5 prosent av dei statlege utgiftene blei løyvd til kulturformål over Kulturdepartementets budsjett. Teater og opera fekk den største delen av "kulturkaka" i 1999, med om lag 20 prosent av dei totale utgiftene til kulturformål, til saman 718 millionar kroner.
Kulturdepartementet løyvde 3 518 millioner kroner til kulturformål i 1999. Dette er om lag 0,6 prosent av dei statlege utgiftene. Dei største delane gjekk til teater og opera (20 prosent), film og media (15 prosent) og musikkformål (12 prosent). Totalt sett auka dei offentlege utgiftene til kulturformål med 8 prosent i forhold til året før. Det var ein del endringar i fordelinga av løyvingane samanlikna med året før.
Utgifter til kulturformål
over
Kulturdepartementets budsjett. Rekneskapstal 1999. Løyvingar. Millionar kroner |
Prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Total | 3 517,7 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Allmenne kulturformål | 217,1 | 6,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kulturbygg | 100,2 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Norsk kulturråd | 179,6 | 5,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kunstnarstipend | 233,4 | 6,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Biletkunst mv. | 199,1 | 5,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Musikkformål | 422,7 | 12,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Teater og opera | 717,6 | 20,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Film og media | 529,8 | 15,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bibliotekformål | 308,1 | 8,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Museumsformål | 370,1 | 10,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Arkivformål | 151,1 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre kulturformål | 88,7 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Endra prioritering
Potten til kunstnarstipend vart auka med 50 prosent i forhold til året før. Løyvingane til allmenne kulturformål og kulturbygg vart fordobla i 1999, men utgjorde likevel berre kvar for seg 6 og 3 prosent av utgiftene til kulturformål. Den største nedgangen i løyvingane har vore for biletkunst og film og kino, som blei reduserte med 17 og 44 millionar kroner. Medan om lag 10 millionar kroner gjekk til idrettsformål i 1998, blei det ikkje løyvd noko direkte til kommunane til idrettsformål i 1999.
Kommunale utgifter til kulturformål
Kommunane brukte til saman 4 470 millionar kroner av netto driftsutgifter til kulturformål i 1999. Sjølv om det ikkje blei løyvd noko til idrettsformål direkte til kommunane over Kulturdepartementet sitt budsjett, prioriterte kommunane mest pengar til idretten. Utgiftene til idrett, friluftsliv og andre mosjonsaktivitetar utgjorde høgast del av netto driftsutgifter, med 31 prosent eller 1 414 millionar kroner. Utgiftene til vaksenopplæringstiltak utanom skoleverket har vorte meir enn halverte i forhold til i fjor. Denne posten utgjorde under 4 millionar kroner. I fylkeskommunane gjekk det meste av kulturmidlane til kulturvern, museumsformål og kunst- og kunstformidling.
Av brutto driftsutgifter til kulturformål brukte "mindre sentrale tenesteytingskommunar" mest per innbyggjar, 1 616 kroner. "Blanda landbruks- og industrikommunar" brukte 1 017 kroner per innbyggjar. Til samanlikning var dei fylkeskommunale driftsutgiftene (alle fylka utanom Oslo) til kultur på 309 kroner per innbyggjar. Dette var ein auke på 19 kroner frå siste år.
Om talgrunnlaget
Tala byggjer på Kulturdepartementets rekneskap for 1999 og Kommunerekneskapsstatistikk, kommunar, 1999. Opplysningane byggjer på endelege rekneskapstal som Statistisk sentralbyrå hentar inn frå alle kommunane.
Tabeller:
- Tabell 1 Utgifter til kulturformål over Kulturdepartementets budsjett 1990-1999. Rekneskapstal 1990-1999. Løyvingar. Millionar kroner
- Tabell 2 Brutto driftsutgifter til kulturformål, etter kommunetype. Uvekta gjennomsnittstal. 1986-1999. Kroner per innbyggjar
- Tabell 3 Netto driftsutgifter til ulike kulturformål. Kommunar medrekna Oslo. 1991-1999. 1 000 kroner
- Tabell 4 Fylkeskommunale driftsutgifter til kultur. Heile landet utanom Oslo. 1991-1999. Kroner
Statistikken blir no publisert saman med Kulturtilbod.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42