9719_om_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/kultur_kostra/aar
9719_om
statistikk
2019-06-27T08:00:00.000Z
Kultur og fritid;Offentlig sektor
no
false

Kulturtilbod2018

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Kulturtilbod
Emne: Kultur og fritid

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Sjå definisjonar i Om statistikken for kommunerekneskap.

Standard klassifikasjonar

Kommunane er gruppert i 17 grupper, etter folkemengda og dei økonomiske rammevilkåra. Grupperinga er basert på Kringlebotten, M. og  Langørgen, A. (2020): "Gruppering av kommuner etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 2020" (Rapporter 2020/48, Statistisk sentralbyrå). I berekninga av gjennomsnittet for fylket er kommunane f.o.m. 2020 delt inn i 11 fylke etter gjeldande standard for kommuneklassifisering (to første siffer).

Dei 11 fylkeskommunane er delt inn i seks regionale grupper der Oslo er ei eiga gruppe.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Kommunar: Data vert publisert for alle kommunar, med gjennomsnittstal for kommunegrupper, fylker, landet med Oslo og landet utan Oslo.

Fylkeskommunar: Data vert publisert for alle fylkeskommunar, med gjennomsnittstal for regionar og landet med Oslo og landet utan Oslo.

Bydelar i Oslo: Data vert publisert for alle bydelar og med gjennomsnittstal for alle bydelar.

Kor ofte og aktualitet

Koordinert med KOSTRA-publiseringa.

Kor ofte: Årleg

Ureviderte (førebelse) tal: ca. 15. mars

Reviderte (endelege) tal: ca. 15. juni

Statistikkartiklar med tabellar og figurer samt eventuelle analysar og spesialtabellar annonserast spesielt.

 

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant.

Bakgrunn

Føremål og historie

KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som gjev styringsinformasjon om fylkeskommunal og kommunal verksemd. Informasjon om kommunale tenester og bruken av ressursar på ulike tenesteområde vert registrert og samanstilt for å gje relevant informasjon til avgjerdstakarar og andre, både nasjonalt og lokalt.

KOSTRA blei starta som eit prosjekt i 1995. Talet på kommunar og fylkeskommunar blei skrittvis auka fram til rapporteringsåret 2001, som var det første året der alle var med i KOSTRA. Føremålet med KOSTRA er å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten, samt å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. KOSTRA baserast på elektronisk innrapportering frå kommunane til SSB, samt på data frå ein rekke andre kjelder i og utanfor SSB. KOSTRA-publiseringa baserast i stor grad på kopling av data frå ulike kjelder, som f.eks. rekneskapsdata, teneste- og personelldata og befolkningsdata. I løpet av prosjektperioden er mange gamle statistikkområde endra, og nye område er kommen til. Kulturtilbod i kommunane er eit av dei områda som gjekk inn i KOSTRA f.o.m. 1996.

I KOSTRA-samanheng innhentar og publiserer SSB tal for bibliotektenester, kinotilbod og kulturskular, samt barne- og ungdomstiltak og støtte til friviljuge lag og foreiningar i alle kommunar.

Brukarar og bruksområde

Data om kulturtilbod vert innførd i KOSTRA for å gje stat, fylkeskommunar og kommunar betre styringsgrunnlag, og for å gje kommunane betre moglegheit til å gjere eigne analysar og samanlikningar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukare har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er et av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant.

Lovheimel

Barne- og ungdomstiltak og tilskot til friviljuge lag og foreiningar (KOSTRA, skjema 17): Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 07 §49, jf. forskrift av 15. desember 2000 §1, ff §8, 2. ledd, lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 10.

EØS-referanse

Ikkje relevant.

Produksjon

Omfang

Alle kommunar leverer data, eit skjema per kommune. Oslo leverer eit skjema per bydel, i tillegg leverast eit skjema over kulturtilbod som ikkje fell inn under bydelane. I tillegg vert det henta inn data frå Nasjonalbiblioteket, Film & Kino og Grunnskolens informasjonssystem (GSI), sjå Datakjelder og utval.

Datakjelder og utval

Det vert henta inn data for følgjande rekneskapsfunksjonar på kultur:

Fylkeskommunar
740 Bibliotek
760 Museum
771 Kunstformidling
722 Kunstproduksjon
775 Idrett
790 Andre kulturaktivitetar

Kommunar
231 Aktivitetstilbod til barn og unge
370 Bibliotek
373 Kino
375 Museum
377 Kunstformidling
380 Idrett
381 Kommunale idrettsbygg og idrettsanlegg
383 Kommunale kulturskoler
385 Andre kulturaktiviteter og tilskot til andres kulturbygg
386 Kommunale kulturbygg

Populasjonen er alle kommunar, fylkeskommunar, særverksemder som fører eigne rekneskap, som kommunale og fylkeskommunale føretak (KF/FKF), interkommunale selskap (IKS) og interkommunale samarbeider (kommunelovens § 27) og baserast på totalteljing.

Tenestedata for funksjon 231, 380 og 385 vert henta inn ved hjelp av skjema 17 Barne- og ungdomstiltak og tilskot til friviljuge lag og foreiningar. Som regel er kulturetaten, eller kulturkonsulenten, i kommunen ansvarleg for innleveringa av data. Eksterne data for funksjon 370 Bibliotek er frå Nasjonalbiblioteket, funksjon 373 Kino frå Film & Kino og funksjon 383 Kulturskoler frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI).

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Innhentinga av opplysningar finn stad ein gong i året via KOSTRA. Kommunane og fylkeskommunane registrerer opplysningane og sender dei til SSB elektronisk. Frist for rapporteringa er 15. februar.

Data vert kontrollert før innsending ved hjelp av kontrollar i elektroniske skjema og kontrollprogram for filuttrekk. Data vert også kontrollert ved mottak. For rekneskapen kjørast ein rekke konsistenskontrollar, for dei andre data eit mindre sett av kontrollar. Rekneskapen blir dessutan kontrollert for komma- og forteiknfeil før publiseringa 15. mars. Kommunane har frist 15. april for å sende oppretta data etter publiseringa 15. mars. Editering skjer også i regi av SSB, i samråd med kommunane.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

KOSTRA-publiseringa omfattar tal for nokon område innanfor kultur f.o.m. 1999, eller frå det tidspunktet kommunen kom med i KOSTRA. Ein del endringar i statistikkopplegget førte med seg ein del brot i tidsseriar. Manglande tal for bibliotektenester i 2000 er et eksempel. Opplysningar om barne- og ungdomstiltak og tilskot til friviljuge lag og foreiningar er med i statistikken f.o.m. 2001.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ved publiseringa 15. mars er data berre kontrollert ved elektroniske kontrollar. Desse kontrollane fangar ikkje opp alle typar feil. Det finnast partielt fråfall. Dette gir seg utslag i feil i de publiserte tala dersom rapporteringa for ein kommune er ufullstendig. Det finst også andre typar feil i kommunanes innrapportering.

Ved publiseringa 15. juni er tala kontrollert både av kommunane sjølve og av SSB.

Statistikken skal byggje på fullteljingar. Partielt fråfall kan førekomme i varierande grad for dei ulike delane av statistikken. Dessutan leverer ikkje alle kommunane tal i tide til å bli med på KOSTRA-publiseringa 15. juni.

 

Revisjon

Skjema 17 Barne- og ungdomstiltak og tilskot til friviljuge lag og foreiningar nyttar ISEE/Dynarev som editeringssystem. Dette har vore brukt i fleire år. Kontroller mot data frå tidlegare år gjer editeringa enklare og sikrare. Sidan skjema 17 ikkje er så omfattande, er det er ikkje behov for så mange logiske kontrollar i utfyllinga av skjemaet. Beløpsfelta skal vere i heile 1 000 kroner. Framleis blir 1 000-feil fanga opp, men dette har blitt betre dei siste åra. Det er òg nokon feil i feltet for opningstider.

 Se SSBs prinsipper for revisjon