Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
11 prosent i trus- og livssynssamfunn
Tru- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, hadde 559 000 medlemmer per 1. januar 2015. Dette utgjer 11 prosent av befolkninga.
2015 | Endring i prosent | |||
---|---|---|---|---|
Medlemmer | Prosentdel | 2014 - 2015 | 2011 - 2015 | |
1Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for. | ||||
2Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2012. | ||||
3Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2010 og 2012. | ||||
I alt | 558 977 | 100,0 | -4,8 | 15,4 |
Baha'i | 1 134 | 0,2 | 0,6 | 6,6 |
Buddhisme | 17 977 | 3,2 | 5,2 | 23,3 |
Hinduisme | 8 181 | 1,5 | 10,8 | 39,7 |
Islam | 141 027 | 25,2 | 6,7 | 32,1 |
Jødedom2 | 747 | 0,1 | -4,4 | -8,8 |
Kristendom | 296 521 | 53,0 | -12,1 | 11,1 |
Sikhisme3 | 3 429 | 0,6 | 2,0 | 15,3 |
Livssyn | 88 216 | 15,8 | 2,0 | 4,4 |
Andre trus- og livssynssamfunn | 1 745 | 0,3 | 5,7 | 46,9 |
10,8 prosent av befolkninga var medlemmer i tru- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja per 1.1.2015. Samanlikna med 2014 er det totalt færre medlemmer i tru- og livssynssamfunn. 5,7 prosent av befolkninga var medlemmer i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2,7 prosent av befolkninga var medlemmer av islamske trussamfunn og 1,7 prosent i livssynssamfunn.
Flest medlemmer i kristne trussamfunn
Av alle trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest medlemmer med 296 500 personar. Desse utgjorde 53 prosent av alle medlemmer utanfor Den norske kyrkja per 1. januar 2015. Det er ein noko lågare del samanlikna med året før. Særleg er medlemstala i Den romersk-katolske kyrkja i Noreg gått ned. Held vi dette medlemstalet utanfor tala både for 2014 og 2015 er det ein auke i medlemstalet for kristne samfunn på drygt 3 600 medlemmer eller 1,9 prosent. Den totale auken for medlemstalet i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, utan katolikkane, er 16 000 medlemmer eller 3,6 prosent.
Islamske trussamfunn held fram å vekse
Islamske trussamfunn representerer den nest største religionen i Noreg, målt i talet på medlemmer. 25,2 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er medlemmer i islamske trussamfunn. Dette utgjer 2,7 av befolkninga. Per 1. januar 2015 var det 141 000 muslimar som er medlemmer i eit islamsk samfunn i Noreg. Dette inneber ein auke på 8 900 medlemmer, eller 6,7 prosent, mellom 2014 og 2015. Sidan 2010 har oppgangen vore på 44 prosent, eller 42 000 medlemmer. Medlemstalet i nokre av dei andre religionane har halde seg på om lag same nivået gjennom fleire år: buddhisme utgjorde 3 prosent, medan hinduisme og sikhisme stod for høvesvis 1,5 og 0,6 prosent av medlemstala utanom Den norske kyrkja. Hinduisme hadde 11 prosent auke siste året.
Nær 2 prosent auke for på humanetikarane
Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund var 85 700 per 1. januar 2015. Det er ein svak auke frå året før. Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 2 500 medlemmer, som også representerer ein svak auke i medlemsmassen.
Geografisk skilnad
I Oslo var 21 prosent, 136 000, av befolkninga medlem i eit trus- eller livssynssamfunn. 9 prosent av befolkninga i Oslo var medlem i eit islamsk trussamfunn, 8 prosent av Oslobefolkninga var medlem i eit kristent samfunn utanfor Den norske kyrkja og 3 prosent medlem i eit livssynssamfunn. Til samanlikning var 4 prosent av befolkninga i Buskerud medlem i eit islamsk samfunn og 6 prosent i kristne samfunn utanfor kyrkja. Aust- og Vest Agder er dei fylka som har høgast del i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, høvesvis 10 og 12 prosent.
Nær 37 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja bur i Oslo og Akershus. Dei andre fylka hadde alle under 10 prosent av medlemmene, lågast del i Sogn- og Fjordane med under 1 prosent.
Mottakarar av statstilskotÅpne og lesLukk
Statistikken omfattar medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottar statstilskot det enkelte år. Det kan til dels gi store svingingar på nokre kategoriar frå år til år. Dette kan skyldast at nokre samfunn av ulike årsaker ikkje er med i statistikken det enkelte år. For 2010 var eit samfunn innan sihkisme ikkje representert i statistikken. For 2012 var det eit samfunn innan sikhisme og eit innan jødedom som ikkje var representert i statistikken. Det er og samfunn som aldri søkjer om tilskot.
Tilleggsinformasjon
Dersom nokre samfunn ikkje har motteke tilskot einskilde år, vil medlemstalet gå ned i statistikken, noko som for einskilde kategoriar kan innebere store svingingar.
Kontakt
-
Andreas Østhus
E-post: andreas.osthus@ssb.no
tlf.: 47 64 99 08
-
Andrea Ihler Evensen
E-post: andreaihler.evensen@ssb.no
tlf.: 93 06 06 87